Professor Allern held tiltredingsførelesing onsdag
Nytilsett professor II Sigurd Allern er denne veka ved Høgskulen i Volda for å undervise og å vere med på oppstarten av forskingsprosjektet Journalistikkens samfunnsoppdrag ved Avdeling for mediefag. I samband med dette held Allern si tiltredingsførelesing onsdag 17. januar kl 12.15 i Strøm-auditoriet. Førelesinga har tittelen: "Demokrati og EU-journalistikk. Samfunnsoppdraget sett fra Brussel". For første gong i Noreg vil Allern presentere data frå eit internasjonalt prosjekt om EU som ein offentleg sfære. Føredraget er ope for alle.
Allern er tilsett som professor II (20 prosent stilling) ved HVO i første omgang for åra 2007 til 2008.
Aktuelle lenkjer:
Journalistikkens samfunnsoppdrag:
Allerns heimeside på Universitetet i Oslo