Prøveforelesing opna med blanksverd-fekting

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Saman med Trond Solberg Mortensen kunne Brigt Ove Vaage syne publikum den mest utøvande delen av doktoravhandlinga til Torill Mortensen, som disputerer avhandlinga ”Pleasures of the player: Flow and control in online games.”

Levande forelesing

Torsdag hadde Torill Elvira Mortensen, amanuensis ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda prøveforelesing om eit deltema, nemleg levande rollespel, eller ”Live Action Role Playing (LARP) as cultural phenomenon”.

 

1063300923

- Det er svært spennande å få visualisert poeng i forelesinga, kommenterte Mortensen (forgrunnen).

 

Ekte spel

- Dette er så nær det ekte livet i middelalderen som ein kjem, fortel Brigt Ove Vaage. Han er ein av grunnleggjarane av Kongshirden anno 1260, ei gruppe frå Bergen som verkeleg lever ut hobbyen sin.

- Vi prøver å gjenskape så mykje av det originale som mogleg, forklarar Vaage. Han arbeider for tida ved Høgskulen i Volda, men er historiestudent frå Universitetet i Bergen.

- Miljøet rundt levande rollespel er stort i Bergen, og det historiske miljøet i byen gir oss svært gode kjelder på korleis middelalderen arta seg.

 

1063362638

Levande historie

Kongshirden anno 1260 frå Bergen har alt frå studentar til skodespelarar med seg, og er nøgne på fakta.

- Våpenteknisk gir arkeologiske materiale oss kjennskap til dei våpen som har vore funne i utgravingar, forklarar Vaage vidare. For å få greie på korleis drakter og anna utstyr såg ut, kan ein finna illustrasjonar frå middelalderen gjennom dei få bøkene som har overlevd, men også i ritingar, som til dømes illustrasjonar på kyrkjeportal, der ein kan finna spor etter korleis middelalderen såg ut.

- Kongsspegelen er ei oppteikning av korleis den gamle hirda skulle utrustast, men når det gjeld sjølve slåstinga, må ein nytta sunt bondevit, seier han med eit smil. Ein har også funne manualar for kampteknikkar frå middelalderen, så desse nyttar vi ein del.

- Denne oppvisinga viste ein fekteduell, sverd av buklar. Då nyttar ein eit lite skjold til å forsvarar seg med og eit sverd til å fekta med, fortel Brigt Ove Vaage.

Fredag 12. september skal Torill Mortensen disputere for sjølve avhandlinga si klokka 10.15 i Berte Kanutte-huset, Store auditorium. Til stades vil Dr. Stuart Moulthrop frå the University of Baltimore, vera første opponent, medan Dr. T.L. Taylor frå the University of Copenhagen vil vera andre opponent.

Del på