Prøveklutdeltakar ein av dei heldige

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Til saman vart 1 million kroner, 500 000 kroner frå Norsk kulturråd og 500 000 kroner frå Norsk filminstitutt, fordelt på seks prosjekt av 38 innkomne søknadar

Yrkestittelen til artisten Helland Larsen er klovn.
- Klovnen har et positivt bodskap og eit universelt språk som born over heile verda forstår, seier ho.

”Klapp!”
er ei teaterframsyning basert på filmopptak, intervju, teater og sirkus utført med born og unge frå seks ulike land og miljø. Klasse 5 b på Øyra skule i Volda er med på prosjektet, saman med born frå den palestinske flyktningleiren Borj el Baranje i Beirut, Panorama Children School ved Cape Town i  Sør-Afrika, ein barneskule i ein landsby utanfor Victoria Falls i Zimbabwe, ein skule på Grønland og born ved eit norsk asylmottak.
- Det er heilt klart store skilnadar mellom dei som er med i prosjektet, men mykje er likt òg. Mellom anna hjarterytmen, og måten det vert klappa i hendene og trampa med føtene på. Eg stiller dei same ti spørsmåla til alle borna som er med, og spør mellom anna om kva som gjer dei glade, redde og om framtidsdraumen deira, forklarar Elisabeth Helland Larsen.

”Utvida Prøveklut”
I førre veke var Helland Larsen attende ved Høgskulen i Volda for å jobbe vidare på prosjektet. Pål Aam frå Avdeling for mediefag ved høgskulen var med som filmmann og fagleg rettleiar. Mykje av filminga vart gjort utandørs.
- Det er eit poeng at det genuine ved kvar av dei seks stadane som skal vere med kjem best mogleg fram, fortel Elisabeth, som var godt nøgd med det fine filmveret siste dagen med lauvfall i vakre haustfargar og snødekte fjelltoppar.
- Sjølv om eg enno ikkje har vitja alle seks stadane som skal vere med på prosjektet, har eg allereie samla mykje godt råmateriale. Utfordringa ligg i det store klippearbeidet til slutt, seier Helland Larsen, som ynskjer å kome attende til Høgskulen i Volda fleire gongar for å ferdigstille prosjektet.
- Når den tid kjem hadde det vore stas om premieren på oppsetjinga vart lagt til Volda, seier ho.

Provekl_Klapp1
Elisabeth Helland Larsen er utdanna ved Ecole International de Theatre Jacques Lecoq i Frankrike.
Ho har drive med profesjonelt teater i tretten år, og vore med i sirkus og teaterarbeid for born og unge i ulike delar av verda.

  • Høgskulen i Volda har sidan 2004 i samarbeid med Møre og Romsdal fylke invitert kunstnarar og kulturinteresserte til å delta på Prøvekluten
  • Den 23. november inviterer vi til eit dialogseminar med mellom anna representantar frå styringsgruppa for Den kulturelle skulesekken, ulike kunstnargrupper og fylkesrepresentantar.

Del på