Prøvekluten blir permanent kunstproduksjonssenter

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Fokuset under seminaret vil vere korleis ein kan stimulere til å lage profesjonelle og gode kunstproduksjonar retta mot unge, heilt frå barnehage til unge vaksne. Dette gjenspeglar kva slags produksjonar senteret ønskjer å medvirke til.

Programmet er gratis og ope for alle, bortsett frå danseteateret De røde skoene som berre er for inviterte barnehagar.  

Leiar for formidlinga ved Moderna Museet i Stockholm, Maria Taube, skal snakke om kvalitet i kunst retta mot barn, mens biletkunstnar Jorun Mulen vil presentere ein smakebit frå eit prosjekt som er støtta av Prøvekluten.

Den endelege profilen og det nye namnet til Prøvekluten vil bli offentleggjort under Marit Ulvund sin presentasjon av kunstproduksjonssenteret.

Les meir om programmet og meld deg på her.

http://www.hivolda.no/provekluten

Program Kunstfestivitas

FREDAG 7.NOVEMBER
Seminar på Høgskulen i Volda
Kaarstad-huset auditorium B og C

kl 11.30 - 16.00

  • De røde skoene
    Danseteater for barn 0-3 år
    Les meir >>
  • Start Arts
    Musikalsk foredrag
    Les meir >>
  • Opningsforedrag
    Guri Loretzen Østbye -1.amanuensis
    Barn + kunst = danning
  • Presentasjon av Kunstproduksjonssenteret
    ved prosjektleiar Marit Ulvund
  • Den raude tråden
    Biletkunstnar Jorun Mulen presenterer ein smakebit frå eit kultursekk-prosjekt støtta av Prøvekluten
    Les meir >>
  • Visjonær helsing
    Partnarskapen i prosjektet:
    Høgskulen i Volda og Møre og Romsdal Fylke
  • Festlunsj
  • Barn, kunst og kvalitet
    Maria Taube leiar for formidling Moderna Museet, Stockholm
    Les meir >>
  • Kunst for dei minste
    Lise Hovik, regissør/høgskulelektor/PhD-kandidat
    Les meir >>
  • Eit opplyst prøvepublikum?
    Brit Åslid, lærar med nært samarbeid med Prøvekluten
  • Janus
    Smakebit frå eit kultursekk-prosjekt støtta av Prøvekluten
    presentert av førsteamanuensis Gunnar Strøm
  • Fly Arts!
    Kunstnarisk innslag

LAURDAG 8.NOVEMBER
To flotte arrangement på Rokken med m.a. vokalgruppa BaSix og dansegruppa Frikar

Les meir på www.hivolda.no/provekluten

Bilete

Del på