Rådgjevarseminaret: Forsking på bortval av vidaregåande opplæring

Eifred Markussen, forskingsleiar for området grunnopplæring ved NIFU STEP, kjem til Volda for å halde innlegg på det årlege rådgjevarseminaret onsdag 14. januar kl 10.00 på Volda turisthotell. Markussen skal snakke om "Bortval av vidaregåande opplæring: Kor mange sluttar, kvifor sluttar dei og kan bortvalet reduserast?". Alle interesserte er velkomne.

Markussen er leiar av prosjektet "Bortval av kompetanse". Dette studiet følgjer 9749 ungdomar ut av grunnskulen, inn i, gjennom og ut av vidaregåande opplæring.

Ungdomane vert følgde frå våren 2002 til hausten 2007. Prosjektet skal kartlegge omfanget av og bidra til å forklare variasjon i bortval blant ungdom i vidaregåande opplæring, både innan studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vidare skal prosjektet kartlegge og forklare variasjon i kompetanseoppnåing frå vidaregåande opplæring.

Planlegging og oppstart av karrieresenter
På seminaret vil også Unni Høsøien, dagleg leiar ved Papirbredden karrieresenter i Drammen, snakke om planlegging og oppstart av karrieresenter.

Papirbredden Karrieresenter vart etablert i Papirbredden Kunnskapspark den 1. mars 2007 som et pilotprosjekt for 2007-09, med håp om å danne grunnlag for liknande etableringar i andre regionar i Buskerud. Målsettinga var å starte eit unikt karrieresenter, som skulle supplere eksisterande karriereveiledning og vere ope for alle.

Les meir om rådgjevarseminaret.

Del på: