Samarbeid mellom Animation Volda og symfoniorkesteret
På opninga av årets Animation Volda skal symfoniorkesteret i samarbeid med Indre Strøk frå Ålesund spele klassikarane «Bolero» av Ravel og «Peter og ulven» av Prokofjev, begge med teiknefilm til.
Teiknefilmane som vert viste med tonefylgje frå symfoniorkesteretet, er laga til denne spesielle musikken.
– Dette vert ei heilt spesiell oppleving, seier dirigent Øyvind Granden Berg.
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.
Peter og ulven og Bolero
Torsdag 17. september kl. 1900
Dirigent: Øyvind Granden Berg
Stad: Kinosalen, samfunnshuset.
Pris: kr 50,-
Billettar kan kjøpast på Animation Volda.