Seminar i 8 episodar
Ivar Aasen instituttet ved Høgskulen i Volda (HVO) vil allereie 9. januar presentere det fyrste seminaret i Nynorsk skriftkultur.
Alle føredraga finn stad ved HVO i Berte Kanuttehuset, vesle auditorium klokka 15.00. Føredraga vil seinare verte trykte som kronikkar i ulike publikasjonar.
Program:
9. januar
Føredragshaldar: Direktør Ottar Grepstad
"Den fjerde mannen. Eit lite bidrag til
norsk presse- og kulturhistorie"
16. januar
Føredragshaldar: Forfattar Ragnfrid Trohaug
"Nynorskfolk og andre minoritetar"
27. februar
Føredragshaldar: Førsteamanuensis Roger Lockertsen
"Tapet av Nidarosnamnet i 1931
språkforskingsetikk og fornorsking"
6. mars
Føredragshaldar: Professor Gunnar Skirbekk
"Dei nynorske filosofane"
13. mars
Føredragshaldar: Adjunkt Ingebjørg Røyrhus Øyehaug
Synnøve Riste (1858 - 1889)- "... skapt til å vera med i nokot stort"
18. mars
Føredragshaldar:Redaktør Knut Olav Åmås
"Biografiens problem og utfordringar"
10. april
Føredragshaldar: Professor Jan Ragnar Hagland
"Å meisla ut eit litteraturspråk. Kring litterære omsetjingar til Landsmaalet fram til om lag 1900"
17. april
Føredragshaldar: Førsteamanuensis Sigrid Bø Grønstøl
"Ein diktar er ein tenkjar. Om Aslaug Vaa"
Med atterhald om endringar
Vel møtt!