Seminar: Digital kringkasting

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Vi ser eit behov for at bransjefolk kjem saman for å diskutere kva som eigentleg skjer i den digitale medieverda. Målet er å skape ein kreativ møteplass for journalistar, medieforskarar, studentar og andre folk i mediebransjen. Her får deltakarane moglegheit til kunnskap og innsikt, samt knyte nye kontaktar.

Medieforskarane Sigurd Høst og Alex Iversen, Big Brother-produsent Lasse Hallberg, Rune Hafskjær i P4, Internettveteran Arne H. Krumsvik, journalistikkforskar Svein Brurås og redaktør Øyvind Vasaasen er nokre av føredragshaldarane du møter på seminaret.

Forutan å ha eit spennande fagleg innhald, gir også seminaret rom for det sosiale. Torsdag 25.oktober arrangerer vi seminarmiddag med påfølgjande fest. Begge dagane har vi felleslunsjar.

Seminaravgifta på 100,- ( studentar 50,-) dekkjer to lunsjar og kaffiservering.

Påmeldingsfristen for seminaret er måndag 15.oktober. Plassen er avgrensa.

Meld deg på her: digital@student.hivolda.no

Meir info:
http://student.hivolda.no/digital/

Del på