Seminar: Nynorsk som sidemål

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Nynorsk som sidemål er eit forsøks- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) ved Avdeling for humanistiske fag ved Høgskulen i Volda. Prosjektet har som føremål å forske på sidemålsopplæringa i norsk grunnskule og vidaregåande skule. Prosjektet skal undersøkje nye former for sidemålsopplæring gjennom å initiere alternative metodar for denne opplæringa og måle læringseffekten og verknaden av desse. Prosjektet har fåttstøtte av Læringssenteret.

Tema for seminaret er Nynorsk som forskings- og studiefelt.

Seminaret vil rette søkjelys på den norske språksituasjonen generelt og sidemålet spesielt. Det overordna temaet for seminaret er nynorsk som sidemål i ein språksituasjon med eit hovudmål og eit sidemål som obligatorisk opplæring i skulen.

Foredragshaldarar:
Professor Kjell Lars Berge, Universitetet i Oslo
Professor Christer Laurén, Vasa Universitet i Finland
Professor Helge Sandøy, Universitetet i Bergen og Ivar Aasen-instituttet, HVO

Kontaktpersonar:
Anne Steinsvik Nordal
tlf. 70075197
e-post: AnneNo@hivolda.no

Kjell Arild Madssen
tlf. 70075328
e-post: kam@hivolda.no

Odd Monsson
tlf. 70075043
e-post: om@hivolda.no

Seminarprogram 

Meir informasjon


Les meir om prosjektet og dei nye norskstudia

Del på