Seminar om folkets kultur

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Seminar om folkets kultur:
Kvar går folkemusikken og folkedansen?

Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal arrangerer:
Seminar ved Høgskulen i Volda: Auditoriet i Ivar Aasen-huset,
laurdag 9. mars kl. 12 – 15.30

Vi inviterer dykk til dette seminaret om folkemusikkens og folkedansens stilling. Utgangspunktet er rapporten av Georg Arnestad: ”men vi skal koma i hug at tradisjonen alltid vert oppløyst og omskapt…” Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Norge.

Rapporten er resultatet av eit oppdrag Arnestad fekk av dei store folkemusikk- og folkedansinstitusjonane. Det gjekk ut på å analysere situasjonen for musikken og dansen. Han har sett dei inn i ein kulturell samfunnssamanheng, har stilt mange spørsmål og kome med ein del forslag.

Arnestad er kulturforskar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han vil halde eit innlegg om sitt møte med folkemusikken og folkedansen i landet, det blir nokre førebudde innlegg frå profilerte personar frå miljøet i vårt fylke, og så blir det ei meiningsutveksling så livleg som råd.

Dei andre innlegga:
Ingunn Linge Valdal og Knut Ivar Bøe (Ferdafolk): Vår musikk; vårt møte med publikum

Egil Berg: Danse med unge

Petter Eide: Går det bra?

Det blir innslag av musikk og dans, og så blir det litt enkel servering
Seminaret er gratis, men du må rekne med å betale litt for maten.

Av praktiske grunnar vil vi gjerne vite kven/kor mange som kjem. Eg vil gjerne ha beskjed innan tysdag 5. mars, i brev, pr. telefon eller pr epost.

Vi vonar dette kan freiste, anten du interesserer deg for musikk, for dans, eller i det heile for folkeleg kultur.. Dette emnet er ikkje tatt opp på denne måten i alle fall på mange tiår.

Vi høyrer svært gjerne frå deg

Kontaktperson
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal
Frode Følling Birkeland
Tlf. 70 07 50 92 (a)
70 07 71 37 (p)
epost: Frode.Birkeland@hivolda.no

OBS: Møt presis. Det er mykje stengde dører her, og vi må ha dørvakt til vi reknar med at folk er komne. Dersom alt er gale, så ring 915 14 792 for å kome inn.

Del på