Spennande fagseminar om kommunikasjon og presentasjonsteknikk

Studentar ved Høgskulen i Volda kan glede seg til to spennande kurskveldar med fokus på kommunikasjon og presentasjonsteknikkar. Det er Marit Ulvund frå dramaseksjonen ved Avdeling for lærarutdanning som er kurshaldar, og ho har lang og spennande kompetanse nettopp med desse tema.

Kommunikasjon er eit viktig lim i våre sosiale relasjonar, og kommunikasjonskompetanse kan ofte vere avgjerande for i kva grad vi opplever meistring og tryggleik i ulike sosiale situasjonar. Kurset vil legge vekt på å auke deltakarane si bevisstheit om eigen kommunikasjon verbalt og non-verbalt, og om korleis vi omgås kvarandre generelt sosialt i jobb og utdanning.

 

Ein del studentar har også manglande oppleving av meistring i ulike prestasjonssituasjonar, noko som gjer desse spesielt vanskelege. Dette kan til dømes vere å delta aktivt i grupper, å legge fram eigne eller gruppa sine arbeidskrav for klassen, det å ta ordet i forsamlingar generelt - eller det kan vere gjennomføring av eksamen.

 

Målsettinga med desse kurskveldane er å gje deltakarane nye meistringsstrategiar og –opplevingar som dei kan ta med seg tilbake i studiekvardagen sin - og også eit meir bevisst forhold til korleis vi menneske samspelar med kvarandre.

 

Så velkomen til to spennande kurskveldar!!

 

Helsing Rådgjevingstenesta for studentar (SfS)

 

Tid: måndag 28. februar 18..-21.00 og onsdag 2. mars same tid.

Stad: Kaarstad-huset 109

 

Interessert?

Du kan melde deg på til aih@hivolda.noDet er plass til max 30 personar.

 

Del på: