Stor interesse for jubileumskonferanse

Tekst: Webmaster Volda

Om lag 140 førskulelærarar frå heile landet er med på å feire at førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda sine tretti år. Den svenske professoren i pedagogikk, Gunilla Dahlberg, er hovudforedragshaldaren og skal snakke om kva menneskesyn, kunnskap og læring som bør liggje til grunn for verksemda i barnehagen.

- Eg set førskuleforskinga inn i eit globalt samfunnsperspektiv, seier Gunilla Dahlberg. Eg meiner at om ein er interessert i samfunnsspørsmål og demokratiske prosessar så må ein byrje med den nye generasjonen. Gunilla Dahlberg er professor i pedagogikk ved lærarhøgskulen i Stockholm, og representerer mellom anna den pedagogiske filosofien til Reggio Emilia, ein aktuell modell også for norske barnehagar.

Lenkjer til aktuelle vevsider
http://www2.hivolda.no/jubileum/
http://www.skolporten.com/erbjudande/storre/gunilla_dahlberg.asp

Del på