Stor søknad til Prøvekluten

Afrikanske rørsler og rytmar, visualisering av kva som skjer inne i eit forfattarhovud, filosofering rundt talbegrepet og ekstrem mote skapt av gjenbruksmateriale… - Variasjonen er stor og kvaliteten god på dei 24 innkomne søknadane til årets Prøveklut, seier Signe Valsø ved KEV, som for tredje år på rad, saman med Fylkeskulturavdelinga, er arrangør for den kulturelle storhendinga.

- Dette syner at behovet for godt tilrettelagde produksjonsmiljø er viktig, og at mange profesjonelle kunstnarar innan ulike sjangrar ser det å jobbe med prosjekt retta mot Den Kulturelle Skulesekken som svært interessant, meiner Valsø.

Cross-over
Ein fellesfaktor for dei fleste prosjekta er den tverrfaglege ”Cross- over tanken” der ulike sjangrar smeltar saman til nye visuelle uttrykk, og som er eit karakteristisk trekk ved samtidskunsten i dag. 

Kreativt seminar
Til det to dagar lange seminaret om kunstformidling for born (15.-16.juni), som er ein del av Prøvekluten sitt program, er det framleis ledige plassar og mogleg å melde seg på fram til 31.mai.
(Program/ elektronisk påmeldingsskjema finn du på: www.hivolda.no/provekluten )

proveklut06_web

Del på: