Stor stemning ved opningsseremonien
- Nå synger vi faddersongen, stråler fadderansvarlig Sara Hatab til dei over 50 fadrane som stiller opp på scenen framfor over tusen frammøtte ved opningsseremonien ved Høgskulen i Volda. Elles underheldt Tone Rustestuen med studentband, Jørgen Amdam heldt sin første tale som ny rektor og studenttingsleiar, ordførar med fleire helsa alle nye studentar velkomne.
Foto: Øyvind Flåskjer
- Vi har stressa litt for å få gamle studentar til å stille opp som fadder til nye studentar – men no er vi veldig nøgde med at så mange, flotte studentar stiller opp.
- Fadderveka hjelper nye studentar til å verte kjende med kvarande og studiestaden Volda, og det vert halde fadderarrangement kvar dag fram til neste veke, fortel Sara.
Ny rektor
Brynhild Solvang var leidde opningsseremonien, og helsa alle nye studentar både frå inn- og utland, før ho ynskte den nye rektoren velkomen.
Jørgen Amdam tok til som ny rektor allereie 1. august, og i sin tale oppfordra han studentane til å engasjere seg for å halde på Volda sitt gode studentmiljø.
- Høgskulen i Volda skal auke kvaliteten på sine utdanningstilbod. I tida framover vil det vere viktig å rekruttere gode fagfolk og få godkjent doktorgradsprogram, understreka rektor Amdam.
- Skal høgskulen kunne hevde seg i konkurransen på utdanningsmarknaden, må organisasjonen vere dynamisk og kunne tilby det studentane, næringslivet og samfunnet elles etterspør.
- Allmennlærarutdanninga vil vere ei spesiell utfordring både på grunn av det politiske fokus utdanninga har fått og at den tradisjonelt sett har vore og er ei av dei viktigaste utdanningane ved høgskulen.