Storbandjazz med solistar frå høgskulen

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Fem studentar frå musikkutdanninga skal prøve seg som solistar med det velkjende og vellydande storbandet førstkomande laurdag. I tillegg får publikum høyre ei rekkje andre solistar frå kulturskulen i Stryn.       

– Eg skal synge «Route 66», ein kjend blueslåt som mange artistar har spelt inn. Min favorittversjon er den med Natalie Cole, seier Christoffer Jensen frå Ørsta.

Christian Alhaug frå Bærum opptrer som vanleg som trubadur. Storbandjazz er nytt for han.

– Eg skal synge «Beyond the Sea». Min favorittversjon er med den franske songaren og komponisten Charles Trenet, seier han.

da596171e5a7ced8f4ecd6327655f442

Svein Hunnes, bassist i MixMasters, og nokre av solistane frå Høgskulen i Volda som skal i elden i konsertsalen i Kaarstad-huset førstkomande laurdag. Frå venstre: Svein Hunnes, Christoffer Jensen, Christian Alhaug og Are Warlo Gulliksen. Dei andre to solistane Guro Topphol og Sondre Grimstad Arnesen var ikkje til stades.

Are Warlo Gulliksen frå Hokksund er ikkje framand for å synge jazz, men å synge med eit storband i ryggen er nytt for han.

– Eg skal synge «Feeling good», og inspirasjonen er Michael Doublé, seier han.

– Eg synest dette er ein fin måte å vise fram studentane våre på, og flott måte å introdusere dei til ulike sjangrar , seier høgskulelektor Svein Hunnes. Kanskje kan samarbeidet med MixMasters bli ein tradisjon med ein konsert her i den nye konsertsalen vår ein gong i året.

Høyr "Sunny side of the Street" med Mixmasters.

Oppslag om konserten med høgskulekoret og MixMasters.

392e375c89dbeb87347a356da9bfa6c4

Del på