Styreseminar og ny strategiplan

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Dei strategiske utfordringane for Høgskulen i Volda (HVO) er mange. I tillegg til strukturreforma må høgskulen mellom anna gjere krevjande tilpassingar i høve til ny femårig lærarutdanning, endringar i finansieringa av sektoren og ein skjerpa kamp om søkjarane.

7b256c9d4e826b5423b23ad7291826a1Den nye strategiplanen vil vere ein viktig reiskap for å lukkast i ein UH-sektor i endring.

Kvalitetsreform?

Rektor ved Høgskulen i Molde, Hallgeir Gammelsæter, innleia seminaret med å dele nokre av erfaringane sine frå strukturreforma. 

Statsråd Røe Isaksen grunngjev gjerne strukturreforma med at Noreg må omstille seg for å møte samfunnsendringane og for å sikre arbeidsplassar og velferd i framtida. Han vil difor endre universitets- og høgskulesektoren og «samle ressursane på færre, men sterkare institusjonar».

Rektor Gammelsæter hevda det var lite forskingsmessig dekning for at storleik i seg sjølv ga slik fagleg synergi. Han peika på at det heller ikkje var ein konsekvent fagleg argumentasjon for samanslåinga av institusjonar. Andre argument som geografi, fagleg komplimentaritet og autonomi var også i bruk.

– Ein uunngåeleg konsekvens er sentralisering, slo rektor Gammelsæter fast.

 Strukturreforma og Møre og Romsdal

I vårt fylke er situasjonen slik at høgskulane i Volda og Molde står åleine. Høgskulen i Ålesund er blitt ein del av NTNU i Trondheim.

I Molde vil nokre miljø søke tilknyting til NTNU mens andre ser NHH (Norges handelshøyskole) i Bergen som ein betre partnar.

– Høgskulen i Molde har bedt NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) om ei utgreiing i høve det vidare arbeidet med desse spørsmåla. Rapporten er klar 10. november, sa Gammelsæter.

Ny giv for Høgskulen i Møre og Romsdal?

Mange aktørar, blant anna fylkeskommunen, ville ha ein høgskule i Møre og Romsdal med ein campus i Kristiansund. Høgskulen i Molde vil no, om dei får tilstrekkeleg politisk støtte, ta grep for å etablere Campus Kristiansund.

Rektor Hallgeir Gammelsæter avrunda sitt innlegg med å teikne eit bilete der Høgskulen i Møre og Romsdal «vender tilbake» med tre campus: Kristiansund, Molde og Volda.

b15cec94d4abc8791bb0fe89e9992390Rektorane Johann Roppen og Hallgeir Gammelsæter.

Statsbudsjettet 2017 og konsekvensar for HVO

Finansieringsmodellen for UH-sektoren er foreslått endra. For 2017 utgjer denne omlegginga i finansieringssystemet ein reduksjon på 6,3 mill. kroner for HVO, noko som svarar til 7-8 årsverk.

– Det er viktig at desse endringane vert kjende slik at dei vert ein del av analysegrunnlaget i strategiarbeidet, sa ho.

06bd3eed421e100efc1ee9626102e42eØkonomidirektør Ingunn Welle.

strategiarebeidet

Professor Roar Amdam ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) var engasjert for å leie det vidare strategiarbeidet.

c09e4b5965bb2e96345f6e6ad2019460Professor Roar Amdam.

–  For å lage ein god strategi er det viktig først å danne seg eit best mogeleg bilete av dei utfordringane vi står over for. Strategiarbeid er ikkje ein jobb berre for leiinga. Alle ved HVO må involverast, sa professor Amdam.

Del på