Sunnmøre kammermusikkfestival

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Kammermusikk handlar om små ensemble og stor grad av nærheit mellom artistar og publikum. Ofte blir det informert om musikken og komponistane før framføringa. Dette gir ein heilt spesiell og god konsertoppleving som vi vil fleire skal ta del i, seier Trudi Eikrem entusiastisk.

32793fe8522735ce98b6e9e3a595c201

Sentrale aktørar i venneforeininga: Oddbjørn Nes, Hallgerd Conradi, Trudi Eikrem, Hjalmar Eiksund og Anne Sofie Egset.

Stiftingsmøte

Venneforeininga skal ha stiftingsmøte tysdag 26. august på Lettbygget ved Hans Strøm-huset kl. 15.30. Meir informasjon vil kome på festivalen sine heimesider.

Festivalprogrammet

Programmet for Sunnmøre kammermusikkfestival har 1814-jubileet som eit konseptuelt utgangspunkt. Sunnmøre kammermusikkfestival  og artistane vender blikket utover i Europa og til Nord-Amerika, og på dei ideane som var med på å prege grunnlova.

– Årets bestillingsverk, signert Bente Leiknes Thorsen, vil by på eit sideblikk på grunnlovsjubileet og på dei 200 åra som følgde med Noreg som sjølvstendig musikknasjon, seier dagleg leiar Øyvind Eiksund.

616b21848331627bd0b3c25734ff2949

– Beethoven har fått ein sentral plass i programmet som den komponisten som kanskje mest av alle blei  assosiert med ideane om fridom, likskap og brorskap frå den franske revolusjon. Ved hjelp av  komponistar så forskjellige som Lully, Haydn, Mozart, Schubert, Dvorak, Brahms, Hopkinson og  Janacek, fylgjer vi fridomsideane både bakover og framover i tid, også representert ved motsetninga  deira, den absolutte konge- eller keisarmakta, seier Øyvind Eiksund (til venstre), Annar Follesø og Wolfgang Plagge. 

Opningskonsert

Høgskulen i Volda, Kaarstadhuset, Volda – 4. september kl. 18.00

Innslag ved talentstipendkandidat nr. 1        

  • Hopkinson: My days have been so wondrous free (1759) (Solset, Plagge)
  • Mozart: Fantasi i d-moll (Plagge)
  • Beethoven: Sonate nr. 4 i a-moll for fiolin og klaver (Follesø, Plagge)
  • Thorsen: Bestillingsverk (Solset, Plagge, Follesø, Sigerland, Nylund, Aasgaard)
  • Schumann: Klaverkvintett (Plagge, Sigerland, Follesø, Nylund, Aasgaard)

Bagatellar

Fredheim, Ulsteinvik – 5. september kl. 18.00

Innslag ved talentstipendkandidat nr. 2         

  • Beethoven: 6 Bagateller, op.126 (Plagge)
  • Schumann: 5 Lieder und Gesänge, op. 127 (Solset, Plagge)
  • Brahms: Klaverkvartett nr. 2 (Plagge, Follesø, Nylund, Aasgaard)

Keisarkvartetten

Aasentunet, Ørsta – 5. september kl. 21.00

Innslag ved talentstipendkandidat nr. 3         

  • Lully: frå Trios pour le coucher du Roi: Symphonie, Gaillarde, Chaconne. (Follesø, Sigerland, Aasgaard, Plagge)
  • Janaček: Sonate for fiolin og klaver (Sigerland, Plagge)
  • Beethoven: Lied aus dem Ferne, WoO 137 Resignation, WoO 149 (Solset, Plagge)
  • Haydn: Strykekvartett i C-dur op. 76 nr. 3, «Keiserkvartetten» (Sigerland, Follesø, Nylund,  Aasgaard)

Avslutningskonsert

Høgskulen i Volda – Kaarstadhuset, Volda – 6. september kl. 19.00

  • Beethoven: Variasjoner over «Bei Männern, welche Liebe fühlen» fra Mozarts opera «Tryllefløyten»  (Aasgaard, Plagge)
  • Strauss: «Morgen!» (Solset, Sigerland, Plagge)
  • Spohr: Der Spielmann und seine Geige (Solset, Sigerland, Plagge)
  • Schubert: Heiss mich nicht reden, D. 877,2  An die Musik, D. 547 In Abendrot, D. 799 (Solset, Plagge)
  • Dvořak: Strykekvartett i F-dur, op. 96 «Den amerikanske» (Follesø, Sigerland, Nylund, Aasgaard)

Videoar

Video frå pressekonferansen våren 2014

Frå opningskonsert på Sunnmøre Kammermusikkfestival mai 2013

1. sats av Strykekvintett nr. 3 i C-dur

2. sats av Strykekvintett nr. 3 i C-dur  

3. sats av Strykekvintett nr. 3 i C-dur  

4. sats av Strykekvintett nr. 3 i C-dur  

Klavertrio nr. 1 i d-moll op.49 av Felix Mendelssohn

Tit for Tat av Benjamin Britten

Del på