Sunnmøre kammermusikkfestival 2013

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I 2013 er det 100 år sidan Britten vart fødd, og dette vil festivalen i markere. Sunnmøre kammermusikkfestival vil også nytte høvet til å syne fram ein annan meister innan engelsk songkomposisjon, Philip Hesseltine, som skreiv musikk under pseudonymet Peter Warlock. Festivalen vil også presentere ein moderne klassikar innan norsk kammermusikk – Alfred Jansons strykekvartett frå 1978.

Avslutningskonserten vil by på to av dei fremste verka i korlitteraturen – Haydns ”Paukemesse” og Griegs vakre salmar for blanda kor og barytonsolist.

På artistsida vert det gjensyn med den unge pianisten Christian Grøvlen, som sjarmerte (og briljerte) publikum i senk for to år sidan. Den israelske bratsjisten Yuval Gotlibovitch har blitt eit velkjend andlet for publikummet på Sunnmøre, og er i år med for tredje gong. Dirigent Per Kristian Skalstad har vore med sidan starten og har heile tida hatt ein utsøkt kjemi med både kor, orkester og publikum.

Styreleiar Martin Foldal, dei to kunstnarleg ansvarlege professor Wolfgang Plagge og fiolinisten Annar Follesø og dagleg leiar Øyvind Eiksund.

Nye namn

Nye artistar i 2013 er barytonen Johannes Weisser og bratsjisten Nora Taksdal, samt den britiske fiolinisten Priya Mitchell og cellistane Ani Emanuilova og Antoine Pierlot, frå respektive Tyskland og Frankrike.

Støtte frå kulturrådet

Norsk Kulturråd har tildelt kr.100.000,- i festivalstønad til Sunnmøre Kammermusikkfestival for 2013.

– Denne løyvinga ser vi som ei god byrjing, seier styreformann Martin Foldal.

Styreformann Martin Foldal orienterer om det nye styret for Sunnmøre kammermusikkfestival. 

Sjå kammermusikkfestivalen sine nettsider.

Oppslag i Møre-Nytt.

 Frå avslutningskonserten 2012.

Del på