Sunnmøre kammermusikkfestival: Artistar i verdsklasse

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Programmet

Det er ikkje ein gjennomgripande idé bak programmet.  Kammermusikklitteraturen er så rik på meisterverk at det er lett å sette saman ein meny med verk som står godt til kvarandre.  I år er det også innslag av det franske. Blant komponistane kan vi nemne Schumann, Brahms ("Ein deutsches Requiem" i Volda kyrkje), Ravel og Saint-Saëns, fortel Follesø.

Video/edit: pab2012.

Artistar i verdsklasse

Annar Follesø og Wolfgang Plagge har fått med seg mange flotte artistar på årets festival. I år kan publikum gle seg til å høyre kunstnarar som Erlend Trymi, Yuval Gotlibovich, Kate Gould, Lise Berthaud og Erin Kiefe. 

– Per Kristian Skalstad skal, som i fjor, dirigere orkesteret, seier Follesø.

Video/edit: pab2012.

Føremål

– Målet med festivalen er todelt. Vi ønskjer å gje publikum på Søre Sunnmøre kammermusikk av høg internasjonal klasse i ulike konsertlokale i Fosnavåg, Ulstein, Ørsta og Volda. Vi ønskjer også å stimulere til vekst og utvikling av det regionale musikklivet, seier Jacob Kjøde jr.

Meisterklassar

Alle dei medverkande musikarane skal undervise unge musikarar i såkalla meiseterklassar. Her samarbeider vi med kulturskulane i området. På avslutningskonserten i Volda kyrkje vert det delt også ut eit stipend på kr. 25000 til ein ung talentfull musikar.

Kor og orkester

Det lokale kulturlivet vert også trekt inn i festvalen sitt kor og orkester. Nytt av året er at orkesteret blir forsterka frå Forsvarets musikkorps Vestlandet (FMKV).

Les meir på Sunnmøre kammermusikkfestival sine nettsider

Del på