Sunnmøre kammermusikkfestival flytta til september
Festivalen vil i 2014 bli arrangert 4. - 6. september, og ikkje i mai som tidlegare år. – Med dette grepet ynskjer vi å utvikle samarbeidet med Høgskulen i Volda og andre utdannings- og kulturinstitusjonar i lokalområdet, samt gjere oss meir tilgjengelege for eit endå breiare publikum, seier dagleg leiar Øyvind Johan Eiksund.
Programmet har i år 1814-jubileet som eit konseptuelt utgangspunkt. Årets bestillingsverk, signert den unge og spanande komponisten Bente Leikne Thorsen, vil by på eit sideblikk på grunnlovsjubileet og på dei 200 åra som følgde med Noreg som sjølvstendig musikknasjon. I dei andre verka vender ein blikket utover i Europa og til Nord-Amerika, og på dei ideane som var med og prega grunnlova vår. Beethoven har fått ein sentral plass i programmet som den komponisten som kanskje mest av alle blei assosiert med ideane om fridom, likskap og brorskap frå den franske revolusjon. Ved hjelp av komponistar så forskjellige som Lully, Haydn, Mozart, Schubert, Dvorak, Brahms, Hopkinson og Janacek, fylgjer vi fridomsideane både bakover og framover i tid, også representert ved motsetninga deira, den absoutte konge- eller keisarmakta.
Wolfgang Plagge, Annar Follesø, Øyvind Eiksund og James Dudec.
– Nytt i år er også opprettinga av ei venneforeining for kammermusikkfestivalen. Denne vil gi eit tilbod for kammermusikkinteresserte personar som ynskjer å arbeide for kammermusikkfestivalens ve og vel gjennom året. Detaljar om dette vil bli offentleggjort seinare, seier Eiksund.
For meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar Øyvind Johan Eiksund på post@kammermusikkfestival.no - T: 99274742.