Vellukka sluttsamling for lese- og skriveopplæring

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Store auditorium på Ivar Aasen-huset var stappfull av lyttande lærarar og dei vart ikkje skuffa.
Samlinga besto mellom anna av ei opa førelesing med Synnøve Skjong frå Høgskolen i Oslo, over tittelen: ”Vegen til lesing går gjennom bøker. Abc-boka og begynneropplæringa i lesing.”
Skjong heldt forsamlinga i ånde i mest to timar og vart takka med varm applaus.

Lesekunnige elevar
- Skular som satsar på den første lese- og skriveopplæringa, får lesekunnige elevar.
- Lese- og skriveundervisninga må ha som mål å invitere barna inn i skriftspråket, vise dei den verda litteraturen opnar og gi dei lyst til å bli der. Den største utfordringa for skulen i dag er kanskje dette siste, no når barna får forteljingar på ein enklare måte gjennom TV, seier Synnøve Skjong.
Synnøve Skjong er ein av forfattarane bak Samlaget sitt leseverk Soria Moria. Dette verket har nett fått Læremiddelprisen 2003. Synnøve Skjong er lærar og cand.philol. Ho har arbeidd i grunnskulen i 20 år, har vore øvingslærar, førstekonsulent i KUF og forlagsredaktør. No er ho førstelektor ved Høgskolen i Oslo, allmennlærarutdanninga.

1053669959

Vel hundre frammøtte fekk høyre ein engasjert førelesar under sluttsamlinga onsdag, kommenterer prosjektleiar Oddbjørn Nes ved KEV-kontoret.

På samlinga onsdag orienterte også Vigra-nettverket om kurset sett frå deira nettverk og den vidare satsinga på lese- og skriveopplæring ved Vigra skule. Dei hadde på alle måtar ei flott framføring, interessant og lærerikt både for deltakarar og arrangørar.

I alt har ca. 150 lærarar frå kommunar på Sunnmøre (Sande, Sula, Nordal, Vanylven, Hareid Ålesund, Haram, Giske, Ørskog, Stordal, Stranda, Sykkylven og Volda) vore involvert.  Kurset byggjer på læring gjennom å ta utgangspunkt i praksisfeltet og synleggjere og utveksle den kompetansen som vi veit er der.  Deltakarane har vore organisert i seks ulike nettverk og hatt samlingar og nytta e-læringsverktyet Fronter.
Kurset har vore eit samarbeid mellom Nordisk institutt og Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV).

1053670137

Stor interesse for nytt studium
Høgskulen i Volda satsar vidare på lese- og skriveopplæring og tilbyd frå hausten studiet Norsk 2 – 30 studiepoeng. Interessa for studiet er gledeleg stor og så langt er det registrert vel 90 søkjarar.

Del på