Volda får animasjonsfilmfestival
I perioden 13.- 15. september blir det animasjonsfilmfestival i Volda. Over femti filmar skal skal visast. Bak AnimationVolda07 står eldssjeler blant tilsette og studentar ved animasjonsutdanninga i Volda.
Festivalen vil bli arrangert etter same modell som Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.
- Vi vonar at i løpet av nokre få år skal animasjonsfestivalen verte like viktig som dokumentarfilmfestivalen, seier førsteamanuensis og animasjonsfilmguru Gunnar Strøm.
Initiativtakarane til festivalen: Gunnar Strøm, Sylvia B. Clausen, Ida Westvang, Andres Mänd og Joakim Pedersen. Foto: Volda Online.
Nordisk-baltisk studentfilmprogram
Under festivalen kan publikum sjå alle dei beste filmane frå animasjonsstudentane i Norden og Baltikum.Ein jury med Dave King, Dave Osmand og Torill Kove vil kåre beste studentfilm.
Internasjonalt
Mange internasjonale namn vil ta turen til Volda under festivalen.
Oscar-vinnar Torill Kove
Anita Killi, tidlegare Volda-student og ein av dei norske filmskaparane som har vunne flest internasjonale prisar, møter vinnaren av årets animasjons-Oscar Torill Kove.
PES
Den amerikanske stop-motion-animatøren og designaren PES er eitt av dei store nye namna i internasjonal animasjon. Kortfilmen Roof Sex vann debutprisen i Annecy.Sidan har han laga reklamefilmar for store internasjonale selskap som Nike og Bacardi.New York kjem til Volda!
Lasse Gjertsen
Skulle gått 3. året på animasjon i Volda i år.Hoppa av etter førsteklassen fordi han fekk tilbod frå heile verda om å lage film.
Estlands store dukkefilmskaper.Og Estland har vore blant dei beste i Verda på dukkefilm dei siste 20 åra!
Leiande animatør og regissør av fleire TV-seriar for Aardman Animations kjem med eit kortfilmprogram med dei nyaste prisvinnarane og eigne produksjonar frå verdas leiande dukkefilmstudio Aardman Animations i Bristol.
Les meir på AnimationVolda.com