Voldadelegatar til studentlandsmøtet på Hamar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Landsmøtet i StL er der politikken til høgskulestudentanes interesseorganisasjon vert avgjort. Dermed er landsmøtet ei viktig moglegheit for studentane ved Høgskulen i Volda til å påverke dei til å jobbe for interessene våre. Blant sakane som skal verte handsama er ei mogleg samanslåing mellom StL og NSU (Norsk studentunion, universitetsstudentanes organisasjon).

Dei fire som vert valde til å representere Volda på landsmøtet deltek på eit møte for landsmøtedelegatane frå vestlandshøgskulane på Stord. Her får dei førebu seg på sakane som skal handsamast på landsmøtet sånn at dei veit kva sakane går ut på.

Om du kunne tenke deg å vere med på landsmøtet må du møte opp på studenttingsmøtet 27. februar frå 16:30 på Strøm 110. Har du spørsmål kan du ringe Lars Vegard Bachmann på 4046 7420 eller send ein e-post til stiv@hivolda.no.

Del på