– Av dei fremste i landet

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

c3bf29a17c16aaa768e5eba991b5f636
Åsne Midtbø Aas snakkar til GLU-studentane.

Tysdag fekk 80 praksislærarar og to rektorar frå skular i regionen ei brei innføring om dysleksi og korleis ein skal jobbe med det i skulen. Onsdag var det studentane på andre året i grunnskulelærarutdanninga (GLU) sin tur til å verte meir opplyst om dysleksi. Bak foredraga stod Åsne Midtbø Aas, pedagog i Dysleksi Norge.

Ho har vore på Høgskulen i Volda i fleire år og snakka om temaet. Høgskulen har lagt inn ein obligatorisk dag årleg for studentane som går andre året på GLU der dei får undervisning i dysleksi og dyskalkuli, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar.

– Høgskulen i Volda tar dysleksi på alvor i grunnskulelærarutdanninga si. Det varierer veldig frå institusjon til institusjon i Noreg i kva grad studentane får lære om dysleksi, og Høgskulen i Volda er av dei fremste på dette feltet. Nokre har til dømes dette berre inne i spesialpedagogutdaningane sine, men det er viktig at alle allmennlærarar har kunnskap om dysleksi. Dette er også noko som har vore diskutert blant stortingspolitikarane i den siste tida, seier Midtbø Aas.

Alle får tilbodet

I forskriftene for GLU er det ikkje eit krav om at det skal undervisast i dysleksi for studentane. Men ved HVO ser ein nytta av det og meiner at ein kvar student som er ferdigutdanna bør ha kunnskap om temaet.

– Dysleksi er inne i norskundervisninga vår og også i emnet pedagogikk og elevkunnskap (PEL). Men vi synest det er viktig at dei studentane som ikkje vel norsk, men matematikk også får kunnskap om dysleksi. Det får dei gjennom ein slik dag, fortel Oddvar Aalde, programansvarleg for GLU ved HVO.

Fekk gode tips

Ifølgje Midtbø Aas reiknar ein at i alle fall fem prosent av skuleelevar har lese- og skrivevanskar.

– Det vil seie at éin elev i ein skuleklasse i gjennomsnitt har dysleksi. Hos mange barn vert det oppdaga alt for seint, vi ser ein god del tilfelle der det først vert avdekka i vidaregåande skule.

Difor oppmoda ho studentane om å melde frå si tidleg som mogleg om dei ser teikn til noko som kan vere dysleksi hos elevar, når dei kjem ut i arbeidslivet som lærarar. Midtbø Aas peiker på at om det vert sett inn tiltak for ein elev i første eller andre årssteg i skulen vil ein få 80 prosent utbytte av det, medan ein på femte årssteg vil få 10-15 prosent utbytte av det.

– Eg har fortalt studentane mykje om kva dei skal sjå etter hos elevane for å avdekke om dei har dysleksi, og kva tiltak som bør settast inn. Samstundes må ein også få opp sjølvtilliten hos lærarane for å varsle ifrå.

nært praksisfeltet

Nytt av året er at HVO inviterte praksislærarane til ein eigen dag for å få høyre på Midtbø Aas.

7c5441ca76a8a812d8d2f7b4594f8422
80 praksislærarar fekk høyre Midtbø Aas` forlese om dysleksi.

– Då eg høyrde Åsne (Midtbø Aas) for første gang i fjor slo det meg at dette er veldig aktuelt for lærarar som arbeider i skulen. Difor ga vi dei denne moglegheita. Vi ønskjer å samkjøre undervisninga på høgskulen med praksisfeltet. Kunnskapen både studentane og lærarane har fått desse dagane kan dei dra nytte av i fellesskap når studentane er ute i praksis og når dei etter kvart skal ut i arbeidslivet, seier Oddvar Aalde.

Studentane avslutta onsdagen med forelesing med Leif Bjørn Skorpen, førstelektor i realfag ved HVO, der han tok for seg dyskalkuli. Tanken bak det er det same som med dysleksi, at dei studentane som ikkje vel matematikk som fag likevel skal få kunnskap om teamet.

pressefoto

Åsne Midtbø Aas framfor studentar
Åsne Midtbø Aas framfor praksislærarar

Del på