«Barn og snø» ved Volda skisenter

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kunnskapsområdet NHR er eit obligatorisk emne i studieprogrammet bachelor i Barnehagelærarutdanning og består av fagområda natur, helse og rørsle. Kunnskapsområdet skal gi studentane grunnlag for å kunne ta med barn ut i naturen, drive førebyggjande helsearbeid, samt dekke barns behov for omsorg og fysisk aktivitet.

Studentane må delta på det obligatoriske temaarbeidet «Barn og snø» i løpet av studieåret. Her får dei først trene på eigne ferdigheiter på ski og å lage sunn mat på bål og/eller stormkjøkken, før dei på slutten av veka arrangerer ein aktivitetsdag for barnehagebarn.

På aktivitetsdagen kom barna med minibuss frå Farkvammen barnehage i Ørsta og Kulur barnehage i Volda. Dei vart tatt vel i mot av studentane. Dagen starta med songleikar før barna vart delt inn i mindre grupper og fikk prøve ut dei ulike aktivitetane på området.

Studentane hadde laga mange spennande aktivitetar. Ved skogkanten hadde dei laga ei løype til leiken «rev og hare» - ein form for sisten, der ein skulle fylgje spora som var trakka i snøen.

159b50fd5fee35fc1fa7ccdefb5d6cafStudentane fortel kva dei heiter og kva som skal skje no: «Rev og hare» - sisten

Lenger borte i bakken var det seriehopp, orgeltramp og slalomløype. Området var fint pynta med ballongar, flagg og glade fargar. Mange av barna klarte seg godt sjølve, men studentane gav ei hjelpande hand når det var nødvendig.

 e29b21601de294032cd37ea318f6d081

I naturstien skulle barna finne sporteikn etter ulike dyr. Det var spennande å gå på skitur inne i skogen og jammen dukka det opp nokre dyr også; både ekorn, hare og mus.

8ec60894ce085618cfc854849ef5c6b4Natursti i skogen                                                                                        

Ved enden av barnetrekket hadde studentane lage ein «skiskyttarstafett» der barna gikk ei runde på ski og skulle kaste på to ulike blinkar.

 87701395d69b90a6ac7c3d2772fe77e8Klovnen låg tynt an for målretta kast

Etter ein aktiv dag var både barn og vaksne slitne, men godt fornøgde. Lærarar frå Høgskulen i Volda var: Randi Holsvik, Liv Ingunn Sætre og Gunnhild Bergset.

Tekst og foto Randi Holsvik – Høgskulelektor i naturfag

Del på