Barnehagelærarutdanning på deltid

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Høgskulen i Volda har nytta denne teknologien i snart to år og vi meiner at vi greier å tilpasse den godt til dei tverrfaglege kunnskapsområda i utdanninga, seier praksiskoordinator Hanne Elin Harnes.

Samlingar

For å sikre at studentane likevel tek del i danningsprosessen som ligg til ei profesjonsutdanning, har studentane samlingar i Volda med jamne mellomrom.

Praksis

Praksis i barnehagelærarutdanninga skal omfatte minst 100 dagar.  I praksis skal studentane få høve til å vere både deltakande, observerande og utforskande.

5911dd8a6c71479524c6d94f526612f7Maren Beate Haugen og Gro Anita Hellevik Witsø er halvvegs i studiet. I seks veker har dei vore i praksis i Tryggheim barnehage på Vatne.

– Fordelen men denne utdanninga er at studiet er arbeidsplassbasert. Vi får jobbe medan vi studerer sidan det få som kan ta seg fri frå arbeid og familie i tre til fire år. I tillegg til undervisning på nett har vi samlingar kvar 6. veke i Volda. Då er dei ei veke med intensiv jobbing. Det er veldig sosialt, ein flott måte å vere student på, seier Maren Beate

Variert og spanande jobb

– Det å vere barnehagelærar er verdas beste jobb. Ein veit aldri korleis dagen blir. Ingen dag er lik. Eg kunne aldri tenkt meg ein jobb der eg satt bak eit skrivebord heile dagen, seier Gro Anita.

Lenke til oppslag om praksis i Vestnesavisa.

Om barnehagelærarutdanninga

Barnehagelærarutdanninga er ei bachelorutdanning som omfattar seks tverrfaglige kunnskapsområder og ei bacheloroppgave. I tillegg vel ein ei fordjuping  på 30 studiepoeng. Kunnskapsområda er retta mot de ulike fagområda i rammeplanen for barnehagar, og har si kunnskapsbase frå lærarutdanningsfag som RLE, samfunnsfag, norsk, matematikk, forming, musikk, drama, naturfag og fysisk fostring. Pedagogikk inngår i alle kunnskapsområda og bidreg til heilheit og samanheng i utdanninga og til å styrke koplinga til praksisfeltet

Om barnehagelærarutdanninga på deltid

Deltidsstudiet i bachelor barnehagelærarutdanning strekk seg over fire år, og er særleg tilrettelagt for den som allereie arbeidar som assistent eller fagarbeider i barnehage.

cee3e18ea034ddafa423f701d7074047Det anbefalast ikkje å ha meir enn 50 prosent stilling i tillegg til utdanninga. Har ein ingen erfaring som assistent eller fagarbeider i barnehage, SFO eller grunnskule anbefalast  heiltidsutdanninga.

Studiet er organisert med vekt på studentaktive læringsformer i eit sosialt samspel. Undervisning i deltidsutdanninga blir gitt som ein kombinasjon av vekesamlingar på Høgskulen i Volda og undervisning på nett i sanntid ein fast dag i veka. Utdanninga kvalifiserer til arbeid som barnehagelærer og styrer i barnehagar.

Del på