Betre samanheng mellom teori og praksis i lærarutdanningane i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Betre samanheng mellom teori og praksis

Studieleiar Bjørnar Sæterås ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, peikar på at lærarutdanningane i mange år fått kritikk for at spriket mellom teoriundervisning og praksis i skulen er for stor.

– Ei viktig satsing for Høgskulen i Volda er å gjere noko med desse samanhengane. Vi legg no opp til langt tettare samarbeid med praksislærarane i grunnskulen. Ved å trekke studentar og representantar frå praksisfeltet inn i planlegginga vonar vi at grunnskulelærarutdanningane i Volda bli  mest mogleg tilpassa den skulekvardagen studentane møter som ferdigutdanna, seier studieleiaren entusiastisk.

05ab25405e29b759ac514366a65390bf9e52376a

Studieleiar Bjørnar Sæterås vil styrke samanhengen mellom teori og praksis i grunnkulelærarutdanningane i Volda.

Auka spesialisering

Den gamle allmennlærarutdanninga vert delt i to nye utdanningar.

– I den eine utdanninga, som gir undervisningskompetanse på barnesteget, vil begynnaropplæring og det fyrste arbeidet med dei grunnleggande ferdigheitene stå svært sentralt. Det er stor skilnad på ein elev i dei fyrste åra i skulen, og på ein som har bak seg 10 år. Både det faglege arbeidet og måten å forhalde seg til elevane på er svært ulikt. Dei nye utdanninga vil ha eit mykje sterkare fokus på å utdanne spesialistar. I den andre lærarutdanninga, for 5. – 10. årssteg, vil studentane mellom anna få færre fag, og såleis større fagleg fordjuping, forklarer Sæterås. 

Godt studentmiljø trekkjer søkjarar til Volda

Med godt over 3500 studentar og over 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Dyktige fagfolk og aktive studentar gjer høgskulen til eit fagleg og kulturelt kraftsentrum. Den intime atmosfæren, den gode kontakten mellom lærar og student, dei små avstandane og den tette og fruktbare koplinga mellom høgskulen og kulturbygda Volda gjer at du lett får assosiasjonar til klassiske europeiske universitetsbyar.

– I Volda har du råd til å vere heiltidsstudent. Du får ein stor og god bustad til ein rimeleg penge, og velferdsordningane for studentane er godt utbygde, seier Sæterås.

Volda er kanskje spesielt kjent for medieutdanningane sine og det gode og yrande studentmiljøet rundt studenthuset Rokken med studentveke, dokumentarfilmfestival og animasjonsfilmfestival som dei store høgdepunkta.

Stort behov for kvalifiserte lærarar

Rektor Jørgen Amdam peikar på at det er eit stort behov for nye lærarar i grunnskulen. Berre i Møre og Romsdal er det behov for 300 nye lærarar per år framover.

– Med ei grunnskulelærarutdanning frå Volda er ein i praksis sikra jobb, slår rektor Amdam fast.

7d9e194c0ef594a0f3e22672462a98bb28537019

Rektor Jørgen Amdam peikar på det store behovet for kvalifiserte lærarar i grunnskulen.

Mange karrierevegar

Amdam og Sæterås peikar på at ei lærarutdanning frå Volda også kan vere inngangsbilletten til ei rekkje karrierevegar. I dei fleste samfunnssektorar finn ein personar med lærarutdanning. Det gjeld kanskje i første rekke sektorar og yrke der ein på ulike måtar arbeider med menneske, kommunikasjon og opplæring. Kombinasjonen av brei fagleg ballast, god mellommenneskeleg innsikt og leiarerfaringar gjer at ein med lærarutdanning er attraktiv for fleire enn skuleverket.

0b0b12b0b1217a832f8caa5c64044b8978903ccf

Praksis er eit svært viktig element i grunnskulelærarutdanninga.

Kontakt oss

– Det er enno mange som kontaktar Høgskulen i Volda med tanke på ein studieplass til hausten. Høgskulen har opptretta ei eiga informasjonsteneste for dette, og vi oppmodar alle som kan tenke seg å ta til på ei lærarutdanning i Volda til å kontakte oss snarast, seier Sæterås.

Studentrettleiarane har vore studentar i fleire år, anten ved Høgskulen i Volda eller ved høgskular og universitet i andre delar av landet. Silje Flåskjer er frå Volda og held på med allmennlærarutdanning i Bergen. Ane Thea Galaasen er ferdig med første året på journalistikk i Volda, og Grete Forsmo går andre året på bachelor i PR, kommunikasjon og media.  Alle har god kjennskap til både bygda og studiestaden. Felles for dei alle er at dei veit korleis det er å vere student på HVO.

10c40048b7c7d03de1c0ba33d77d6be6331aef2f

Kontakt desse! Frå venstre: Silje Flåskjer, Ane Thea Galaasen og Grete Forsmo vil gjere det dei kan for å hjelpe deg.


Les også:

Eit krafttak for å auke rekrutteringa til læraryrket

Ei draumehelg i Volda

GNIST-kampanjen 47360fc2f027331d3346cf4f52a978b80a08d870



Del på