Fagdag til studentane sitt beste

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

112238b3bc03199be1cb4a34c81c05ee
Siv Måseidvåg Gamlem, førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, forelas under fagdagen tirsdag.

– Korleis forstår vi vurdering og korleis forstår vi tilbakemelding, opna Siv Måseidvåg Gamlem, førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen i Volda (HVO), med då ho opna «Fagdag barnehage». Ikkje heilt unaturleg då ho skulle halde foredraget «Tilbakemelding for vurdering og læring». Tilbakemeldingane ho tok tak i er til barnehagelærarstudentane, enten gjennom undervisninga ved HVO eller når dei er ute i praksis i ein barnehage.

Gamlem var tydeleg på at formålet med tilbakemeldingane er at informasjonen skal gi retning for vidare arbeid og læring. Og dei skal ikkje kome etter at studenten er ferdig med til dømes ei oppgåve, som kallast summativ vurdering. Ifølgje Gamlem er formativ vurdering, vurdering av arbeidet undervegs, det som skapar best læring.

Råd for tilbakemeldingar

Gamlem har gjort eit omfattande forskingsarbeid på korleis tilbakemeldingar og vurderingar påverkar læring i grunnskulen. Ho vart svært overraska då ho fann ut at ein tredel av tilbakemeldingane frå lærar til elev var verdilause eller hemma læring. Difor gav ho avslutningsvis nokre gode råd til tilhøyrarane om kva som kjenneteiknar dei gode tilbakemeldingane studentane ved HVO bør få av sine faglærarar.

– På oppgåvenivå handlar det om å fokusere på ei spesifikk oppgåve. Det kan vere kva som er rett, feil eller kva manglar og utsjånad den har. På prosessnivå skal ein fokusere på strategiar studentane bruker eller kan bruke for å forbetre oppgåva, produktet eller læringsprosessen. Her går det til dømes på leiing av ulike grupper eller utviklingsarbeid. På sjølvreguleringsnivå skal informasjonen gå på korleis studenten kan vurdere eller reflektere over eige arbeid og eigen læring og utvikling. Studenten må finne kvar han er, kvar han skal og korleis han skal kome seg vidare, forklarte førsteamanuensisen og la også til at ros har liten effekt på læring dersom den handlar om person.

– Ros vert ofte nytta i tilbakemeldingar, men når det går på personen flyttar det fokus vekk frå oppgåva til personen – og det gir ingen informasjon om korleis ein skal kome seg vidare.

AHA-opplevingar

Emneplanane for praksis og praksisheftet som barnehagelærarstudentane får ved HVO, roste Gamlem. Dette er døme på læringsutbyttebeskrivelser (LUB) som ho er veldig opptatt av at må nyttast rett.

– Når eg les dei med mine auge eller du med dine, er det ikkje sikkert at vi har oppfatta dei rett. Det er viktig å vere klar over det læringsutbytte ein skal ha, og at ein får vurdert det undervegs. Men då må tilbakemeldingane vere gode. Faglærarar kan få aha-opplevingar når dei ser at studentar ikkje gjer noko med dei tilbakemeldingane dei får, men då er det ofte at tilbakemeldingane ikkje er presise nok.

Styrkar samarbeid

Etter Gamlem sitt foredrag vart deltakarane på fagdagen delt opp i grupper for å dele erfaringar rundt temaet dei hadde fått ny kunnskap om. Akkurat slik ein fagdag, som vert arrangert to gangar i året ved HVO, skal vere ifølgje Hanne Elin Harnes, praksiskoordinator for barnehagelærarutdanninga ved HVO.

– Fagdagane skal vere ein møteplass for fagleg oppdatering og utveksling av erfaringar mellom praksisbarnehagane og faglærarane ved barnehagelærarutdanninga ved HVO. Som vi ser i dag, ønskjer vi at det skal ha noko med praksis for studentane våre å gjere. Temaet vi har hatt i dag er noko vi har tenkt å ha lenge, og difor er vi glad for at vi fekk det til med hjelp av Siv Måseidvåg Gamlem no, seier Harnes, som ser verdien av å ha slike dagar.

– Vi har mange dyktige praksislærarar. Dette er med på å styrke samarbeidet med dei, og vi håper det er eit stort pluss for både studentar, praksisfeltet og fagtilsette ved HVO.

Del på