Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Naturfag med mål og meining skal gi inspirasjon til undervisninga i naturfag. Bakgrunnen er Kunnskapsløftet sitt krav til auka kompetanse i naturfag.

Studiet på 30 studiepoeng over fem semester er ei målretta satsing på kompetanseheving i naturfag i grunn- og vidaregåande skular i Møre og Romsdal. Samstudes får lærarar i regionen som ikkje vil følgje heile studieløpet tilbod om å bli med som kursdeltakarar.

Dei som ønskjer å ta studiet som vidareutdanning  må vere knytte til skular som skal delta i denne satsinga. Dei får rolla som prosjektleiar ved eigen skule og ansvar for å rettleie kollegaer som deltek i prosjektet som etterutdanning utan å ta eksamen. -Det kan vere eitt eller fleire utviklingsprosjekt ved kvar skule, seier Fooladi. Slik håpar vi å sikre ei betre naturfagsundervisning i skulane, slik at den enkelte elev får nytte av kompetansehevinga til lærarane.

-Naturfag er eit spanande fag, rikt på opplevingar og med mange ulike innfallsvinklar, seier Oddbjørn Nes, seniorkonsulent ved Kontor for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda og administrativ støttespelar i Naturfag med mål og meining. -Med dette prosjektet har Høgskulen i Volda vidareutvikla ein modell for kompetanseheving som gir læraren stor valfridom, både med tanke ei mengd ulike verkstader og ved at dei sjølve kan bestemme om dei tek eksamen og tener seg studiepoeng eller om dei vil ta dette som eit reint kursopplegg.

Undervisninga vil gå føre seg på fellessamlingar med tilbod av ulike fagbaserte verkstader der alle deltakarane skal delta på sjølvvalde verkstader. Mellom samlingane vert studentane frå dei ulike skulane organisert i regionale studieringar.

Les meir om Naturfag med mål og meining på www.hivolda.no/nmm

Del på