Fiskesprell i barnehagen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Desse deltidsstudentane er knytt til førskulelærarutdanning (FLU) på deltid som Høgskulen i Volda har fått i stand i nært samarbeid med Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU), eit regionråd og samarbeidsorgan for 17 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal.

480c5e66fd83fa214ef2ab7a888dbbf1
Fristande Fiskesprellbuffet. Foto Kari Ryslett

I faget naturfag med miljølære inngår mat og helse som ein fagdel og dermed får studentane inn kunnskapen om kosthald og barn både teoretisk og ikkje minst praktisk.

Fiskesprell er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeri- departementet, Norges sjømatråd, Helsedirektoratet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) og fiskesalgslagene i Noreg.  Fiskesprell har som mål at fisk og anna sjømat skal inngå i det daglige mattilbodet i barnehagen, slik at desse matvanane blir ein naturleg del av barn sitt kosthald. Helsedirektoratet sine kostråd anbefalar at vi et fisk til middag 2-3 gongar per veke og dei anbefalar å bruke like ofte fisk som kjøt når det er varmrett og å ha minst to variantar med fiskepålegg på frokost-  og formiddagmatbordet i barnehagen.

3085e9351625e6f652b93377e03cc43b
Fiskekaker og salat i pitabrød. Foto Kari Ryslett

I løpet av denne kursdagen fekk studentane utfalde seg på kjøkkenet med gode råvarer, og her blei det mellom anna laga: Barnas skattekiste, Torskenuggets  og ”Fisk i en fei à la Fiskesprell”. Når sjømaten blir presentert på ein slik måte er det lett å nå Helsedirektoratet sine anbefalingar.

Kurset er ikkje berre ei innføring i korleis ein lagar gode fiskerettar, men også korleis ein kan bruke matlaging som pedagogisk aktivitet. Fisk smakar aller best når små kokkar har laga den sjølv!

d2d75353ea7c6fea54cd831b4882f047«No vert det meir fisk i barnehagen», seier studentane ved FLU-DR saman med kurshaldarane Reidun Fjell Høines frå Fiskesprell og Kari Ryslett frå Høgskulen i Volda.

Det var mange godord om dei fargerike og smakefulle fiskerettane på slutten av kursdagen og  studentane er  inspirert til å ta med seg fisk inni barnehagen!

Tekst Kari Ryslett og Reidun Fjell Høines
Foto Kari Ryslett

Pressefoto
Gruppefoto 1
Gruppefoto 2
Fiskerett 1
Fiskerett 2

Les om lærarutdanningar i Volda på heiltid og deltid.

Del på