Fokus på vanskar med stemmebruk hjå lærarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Stemma er lærarane sitt instrument, så denne må takast vare på, meiner førsteamanuensis Irene Velsvik Bele ved Høgskulen i Volda.

- Ein må snakke lenge, sterkt og godt for å ha god nytte av stemma si som lærar. Dei som ikkje har dette, må få hjelp tidleg i utdanninga, meiner Bele.

Stemma skal hjelpe læraren å overbevise i tillegg til at stemma skal vera ein disiplinært reiskap. Lærarar arbeider også over fleire rom. Slik må ein fokusere på omstilling av stemma for ulik romakustikk, fortel ho.

Stemma som ei yrkesbelastning

- Rapportar frå fleire land tyder på at problem med stemma også er grunnen mange sjukemeldingar av lærarar. Stemmevanskar som ei yrkesbelastning kan gjerast noko med.

Tradisjonen for stemmebruk har lege i lærarutdanninga i mange år og går heilt attende til Grundtvik-læra og den munnlege tradisjonen. Men frå 70-talet og utover forsvann dette. No er det på tide å få stemmebruken inn att i lærarutdanninga.

- Vi manglar ei skikkeleg kartlegging av omfanget, seier Bele.

Førsteamanuensis Irene Velsvik Bele er intervjua i fagtidsskriftet Utdanning

Del på