Førskulelærarutdanninga vert evaluert
- Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er i desse dagar under evaluering. Evalueringa er eit oppdragsprosjekt frå NOKUT, og er del av eit større evalueringsprosjekt av førskulelærarutdanninga på nasjonalt nivå. Den nasjonale evalueringa skal gjennomførast av NOKUT på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, seier Torhild Høydalsvik, studieleiar ved førskulelærarutdanninga.
Evalueringa har som mål å framskaffe best mogleg kunnskapsgrunnlag for å kunne vurdere kvaliteten i eksisterande førskulelærarutdanningar, og korleis desse kan utviklast vidare sett i høve til samfunnsutviklinga generelt og endringar i rammeplanar.
Prosjektgruppe med evalueringsansvar
Ei prosjektgruppe, leia av Torhild Høydalsvik, skal organisere den interne evalueringa. Prosjektperioden, fase ein, er planlagt å vare frå 8.mars til 8. juni 2009. I denne perioden skal ulike fagmiljø drøfte og svare på både kvantitative og kvalitative spørsmål knytt til eigen organisasjon. Det skal gjennomførast både formative og summative vurderingsprosessar, i store og små grupper internt på høgskulen. Praksisbarnehagane er også med i eigenevalueringa.
Styrarar og øvingslærarar samla for å drøfte ulike sider ved førskulelærarutdanninga.
Hovudmålet for prosjektet er å gjere førskulelærarutdanninga endå betre, slik at studentane opplever eit samordna studieprogram som er fagleg og administrativ forankra. I evalueringsperioden vil ein også drøfte høgskulen sin fagprofil, nye utfordringar og spesielt HVO som lærarutdannar.
Samla i skrivestove
Faglærarane ved førskulelærarutdanninga var samla til skrivestove tysdag i 12. mai og arbeidde med evaluering knytt til pedagogisk personale.
Onsdag 13. mai var styrarar og øvingslærarar samla for å drøfte ulike sider ved førskulelærarutdanninga, og svare på spørsmål i høve evalueringa. Studieleiar ved førskulelærarutdanninga, Torhild Høydalsvik, leia og organiserte samlingane. Høydalsvik er som prosjektgruppeleiar oppteken av at alle som er knytta til førskulelærarutdanninga vert høyrde i evalueringa.