Fred over minnet til Margareth

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

To studentar var laurdagskvelden på tur på Rotsethornet, og på veg ned frå fjellet skjedde ulukka. Margareth Nessa omkom og den andre blei skadd. Margareth Nessa gjekk første året på allmennlærarutdanninga. Den andre studenten ligg no på Volda sjukehus med brotskadar, men er utanfor fare. 

margareth_nessa_melding
Margareth Nessa (23) frå Hjelmeland i Rogaland som omkom i eit fall
ved Rotsethornet. Privat foto.

Minnestund på høgskulen

Det vart halden ei minnestund for Margareth tysdag 31. mai i Store aud. i Berte Kanutte-huset kl. 1400. Studentar og tilsette teikna eit levande bilete av ein livsglad og sprudlande person med stor omtanke for andre.

Gravferd
Gravferda vert i Årdal kyrkje i Hjelmeland kommune fredag 3. juni kl. 1400.

Markering i Volda kyrkje
Volda kyrkje opnar dørene fredag 3. juni kl. 1345. Det vert musikk, sang og minneord for Margareth.

................................

Treng du å snakke med nokon?
Studentprest Kjell Roger Isene.
 Mobil: 481 42 685.

Psykolog Vidar Myklebust er å treffe på 99 63 69 23. Kontor: Strøm-311. Tlf: 70 07 52 02. E-post: vm@hivolda.no

Elles kan du ta kontakt med rådgjevingstenesta heile døgnet.
Studentrådgjevar Ann-Iren Høgalmen. Kontor i Lettbygget ved Hans Strøm-huset. Telefon: 70 07 51 88. Mobil: 99 23 79 80 
E-post: aih@hivolda.no

Studenttinget i Volda
Fungerande leiar i Studenttinget i Volda Olav Øye T: 93 68 90 34.
Mellom 0900 - 1500 tysdag har Øye eksamen. Då kan du ringe informasjonsleiar Turid Lindboe Reite på 48 29 11 50.

Del på