Gav lærarstudentane noko å tenke på

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

bcab54d7d979ea7e5ae15a6fa7e7bf7f

Giske, som er leiar for Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget, kom i 2015 ut med boka «La læreren være lærer. Veien til en skole der alle barn kan lykkes.». Han tok utgangspunkt i boka da han snakka i nesten halvanna time til grunnskulelærarstudentar frå alle trinn i eit fullstappa auditorium ved Høgskulen i Volda.

Ap-politikaren opna med å seie at tilhøyrarane er Noregs viktigaste yrkesgruppe, før han smått humoristisk la til at han sjølv kjem til å ha barn i skulen i 26 år etter at han for eit år sidan vart pappa for andre gang. I samband med bokarbeidet følgde Giske ein barneskole i Trondheim over tid og viste fram eit bilde av førsteklassingar på første skuledag.

– De kjem til å prege menneske sitt liv til dei døyr. Alle hugsar namnet på læraren sin frå første klasse og vidare i barneskulen. Barna skal møtast på ein likeverdig måte og ha like moglegheiter til å lukkast. Men i dag er det sånn at eit av fire barn ikkje kjem seg gjennom skulen i Noreg og ikkje har eit vitnemål frå vidaregåande skule. Dei aller fleste har kognitive og fysiske evnene til å fullføre, sa Giske, og la til grunnen til at så mange fell frå i skulen var svaret på kvifor han skreiv boka.

Tidlegare innsats

Han peika på at frå fallet er vesentleg høgare for barn med foreldre som har grunnskulen som si utdanning, enn barn med foreldre som har høgare utdanning.

– Grunnen til fråfallet finn vi mykje tidlegare enn i vidaregåande skule. Difor er det feil at det vert brukt så mykje pengar på å hindre det når elevane kjem til vidaregåande skule. Det same gjeld med ungdomsskulen. I norske skular i dag vert nesten halvparten av alle midlane til ekstraundervisning brukt i ungdomsskulen. Det er alt for seint, ga Giske klar beskjed om og heldt fram:

– Ein må inn og sjå behova til barna tidleg i barneskolen. Da kan dei få den undervisninga og rettleiinga dei treng for å fullføre skulen.

Meir fridom og tillit

Ingen meiner så mykje om eit yrke i Noreg som om læraren, ifølgje Giske. Han ønskjer at lærarane må få ta sine eigne val og at andre kan stole på dei.

– Lærarane må få fridom og tillit og styrke lærarprofesjonen. Alle har ei meining om skulen og lærarane og snakkar høglydt om det. Ingen snakkar om draumelegen eller draumepiloten til dømes, men mange om draumelæraren.

I ei tid der alt endrar seg raskt, la også Giske vekt på at skulen må henge med.

– Det er de som skal utdanne barn og ungdom sånn at vi er i stand til å vere med på å skape den vidare utviklinga. Da er vi avhengig av kunnskapsrike lærarar, men også lærarar som ser elevane sine behov, samtale med dei og undervise på ein god måte.

Giske avslutta besøket ved høgskulen med å få ei omvising i det nyoppussa Kaarstad-huset, eit av landets eldste hus for nettopp lærarutdanning.

Del på