GLU-student med berre A-ar på vitnemålet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

1e07a6fb73c9aeb0a22c4bddeb751a60

– Eg er opptatt av å gjere det beste eg kan. For meg er det viktig med struktur, og å ha ein plan for korleis eg skal komme meg igjennom. Skippertak fungere ikkje for meg, seier Bødal lattermildt.

Med sambuar i Stryn har ho i alle dei fire åra i pendla til Volda for å studerer ved høgskulen.

– Eg har hatt ei fast pendlevenninne som har tatt dei same faga som meg, så vi har hatt mange timar til å diskutere fag.

LIKAR Å HA FASITSVAR

Innanfor grunnskulelærarutdanninga har ho valt å fordjupe seg i naturfag, matematikk, og samfunnsfag.  

– Realfag er det eg likar best. Eg likar å ha fasitsvar. Eg hadde matematikk, fysikk og kjemi på vidaregåande, noko som har vore ein fordel i faga matematikk og naturfag på høgskulen. Eg valte så samfunnsfag framfor engelsk fordi geografi interesserer meg.

Med små klassar fortel ho at dei blir godt kjente med både dei andre studentane og lærarane.

– Det er veldig enkelt å få hjelp om ein lurer på noko. Det er jamt over veldig gode lærarar og forelesarar, men eg er spesielt fornøgd med lærarane i matematikk.

Trass i upåklagelege resultat har ikkje Bødal sete med hovudet i bøkene heile tida.

– Eg har ikkje jobba så mykje med skule på kveldane og i helgene, men utnytta timane på dagen. Eg har slik hatt tid til både trening og ekstra jobb.

VIKARSTILLING GAV MEIRSMAK

Bødal var usikker på kva ho ville etter vidaregåande, men var sikker på at ho ville ta eit friår. I sommarferien blei ho oppringt av ein rektor i kommunen og fekk tilbod om vikarstilling i 1.klasse på ein liten skule i området.

– Eg likte meg veldig godt i skulen. Eg har alltid vore glad i ungar og i å hjelpe folk. Å være lærar er ein jobb du aldri går lei. Det er alltid nye utfordringar og ting å jobbe med. Det er eit spennande yrke, men travelt til tider, seier ho.

Bødal skal snart ut i fødselspermisjon, men legg ikkje studia på hylla av den grunn.

– Eg har planar om å studere norsk på nett, så får vi sjå om det lar seg kombinere med ein liten ein. Etter permisjonen håpar eg å få meg jobb i nærområdet.


Pressefoto

Elise Bødal

Del på