Høg gjennomsnittskarakter hjå lærarstudentane

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Eit høgre snitt på studentane kan gje utslag i høgre gjennomstrøyming, seier rektor Stave. Det tyder at færre stryk, og at dei studentane som fullfører lærarutdanninga er mykje betre rusta til undervisningsskvardagen.

Vel femti nye lærarstudentar startar i år, og dette er om lag halvparten av fjorårets kull.

- Studentkullet har høgre gjennomsnittskarakter, kommenterer også dekanus ved lærarutdanninga, Anne Øie. Ho peikar også på at dei nye opptakskrava kunne slått mykje verre ut for Høgskulen enn det som er tilfellet no.

Høyr meir frå opningsseremonien ved Høgskulen i Volda i NRK sine opptak

opningsseremoni05_520

Opningsseremonien samla over tusen nye og gamle studentar, tilsette og andre i Berte Kanutte-huset klokka tolv i går. Festen vart leia av Cecilie Wilhelmsen, og mellom høgdepunkta var utdeling av Pris for godt læringsmiljø, som gjekk til Seksjon for Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar (NUS).

Del på