Høgskulen sine siste førskulelærarstudentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Dei første åra var utdanninga toårig, og studentane fekk undervisning i Ørsta. Utdanninga blei treårig i 1980, og  flytta til Volda (Volda lærarhøgskule) i 1982. Førskulelærarutdanninga blei i 2013 erstatta av Barnehagelærarutdanninga, og høgskulen skal denne våren uteksaminere det første kullet med barnehagelærarstudentar samtidig som dei siste førskulelærarstudentane får sitt vitnemål.

49623b68105499c0fcc9532c68babd66
Høgskulen i Volda sine siste avgangsstudentar frå førskulelærarutdanninga.

Førre veke var studentar, faglærarar og administrasjonen i førskulelærarutdanninga samla for ei høgtidleg avslutning av studiet. Saman med dei var også Rådgivar Astrid Ous Larsen frå Ålesund kommune. Tilbodet om denne deltidsutdanninga kom til gjennom eit samarbeid mellom Ålesund regionråd (ÅRU) og Høgskulen i Volda, som eit rekrutteringstiltak for regionen. Ous Larsen var ei av dei som arbeida for å få på plass denne utdanninga. Ho uttrykte at ho var stolt over studentane som hadde lagt ned ein stor innsats i studiet sitt desse åra. Ous Larsen framheva også viktigheita av at dei som pedagogar i barnehagen må vise at det er dei som sitt med kunnskapen, og at det er dei som skal lede barn og vaksne.

– Omsorg, læring, leik og danning – samtidig. Ta det med dykk vidare inn i yrket, sa Ous Larsen.

89ff1f0b6a8e3f941eac326b8afe34db– Husk som pedagog å grunngi kva du gjer og kvifor du gjer det, oppfordra rådgivar i Ålesund kommune Astrid Ous Larsen.

Studieleiar ved førskulelærarutdanninga, Elisabeth Welle, heldt ein tale til studentane der ho peika på kor viktig det er at studentane held fram med å utvikle seg også etter endt utdanning.

– Utdanninga dykkar stoppar ikkje når de avsluttar studiet ved Høgskulen i Volda. I det yrket de har valt, vil de lære noko nytt heile tida. Eg håper de kjenner at de har fått kunnskapar i utdanninga som blir ein god ballast når de skal utføre yrket, sa studieleiaren.

f87313c2bf7d58807bdf9e6c5b06971f– Eg håper at vi har klart å utdanne dykk til gode leiarar, sa studieleiar Elisabeth Welle.

Tillitsvald for studentane gjennom tre år, Astrid Josefine Eide, tok salen med på ei reise gjennom desse fire åra ved å trekkje fram eposidar og betraktningar frå alle faga, samtidig som ho gav gode skussmål til faglærarane. Ho framheva at det kunnskapsgrunnlaget studentane har fått desse fire åra, gjer at dei kan stole på seg sjølve i det yrket dei skal utøve.

– Vi har hatt ei flott reise i lag, og no er vi nær målet. Vi har støtta kvarandre gjennom studiet, det må vi halde fram med også som fagpersonar ute i barnehagane, sa Eide.

5cb9ac8a846738054aa1ffadefd3fb77

– Det er også litt vemodig å samlast denne siste dagen. Vi har møtt mange gode menneske som har gitt oss mykje desse åra, sa Astrid Josefine Eide.

Også praksiskoordinator ved førskulelærarutdanninga, Hanne Elin Harnes, og faglærarane Kristin Rostad Gangstad og Nils Magne Magerøy heldt talar til studentane. Harnes framheva at mange barnehagar i regionen har vore heldige og tatt i mot desse studentane i praksis. Spesielt stod studentane og praksislærarane for ei god gjennomføring av praksis med barnehageovertaking siste studieår.

– På siste praksisoppsummering var det godt å sjå kreative, trygge og faglege studentar stå framfor ei stor forsamling. Synleggjer faglegheita dykkar i yrket, sa Harnes. Rostad Gangstad og Magerøy stod for dagens morosamaste bidrag. Dei stilte med song om studentane og studietida, og dei framførte ei dramatisering med mange gode poeng frå deira tid som lærarar for klassen.

95b544a78b31db5381882950d3b30ae7  5970c197ff5f90262975895c917db35d

Kristin Rostad Gangstad og Nils Magne Magerøy fekk fram latteren i salen då dei tok både studentane og seg sjølve på kornet i ei morosam framsyning.

Student Marit Antonsen stod for vakker song under avslutninga.

Saman har desse studentane gått gjennom ein danningsprosess inn mot framtidig yrke. Dei har vakse og endra seg i takt med ny kunnskap dei har tileigna seg. Dei har teke ei spanande leiarutdanning, og vil bli etterspurde arbeidstakarar i regionen. I 45 år har Høgskulen i Volda utdanna førskulelærarar, med desse studentane er dermed eit viktig kapittel avslutta. 

e3424836b2c94a7f0fbf0cf94ad10eddStudentar, faglærarar og administrasjon samla.

Tekst: Hanne Elin Harnes

Del på