Høgskulen vil ha fleire menn til førskulelærarutdanninga
- Det er for få menn i norske barnehagar. No vil Kunnskapsdepartementet starte team som skal rekruttere menn til førskulelærarutdanninga, melder nrk.no. Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. seier til nrk.no at Høgskulen i Volda har meldt si interesse til å drive eit av teama.
- Vi har i fleire år observert at svært få menn søkjer seg inn på førskulelærarutdanninga, kommenterer Kjøde jr. til nrk.no.
- Vi har brukt dei få mannlege studentane vi har hatt til å profilere studiet på messer og i brosjyrar.
Kunnskapsdepartementet håpar på kjønnsutjamning
Teama skal vise at barnehagane er ein attraktiv arbeidsplass for menn. Målet til Kunnskapsdepartementet er på sikt å kunne jamne ut skilnaden mellom talet på kvinner og menn som arbeidar i barnehagar.