Høgskulens adventskonsert

Tekst: Webmaster Volda

Konserten tek til med ein koral av J.S. Bach, kjend som Jesu, Joy of Man’s Desiring med ei høveleg tekst for adventstida.

barmen_kor_520
Foto frå øving med Høgskulekoret som arrangerer adventskonsert saman med Symfoniorkesteret.

Haustens store konsert for musikkreftene ved Høgskulen var opningskonserten i Kyrkjemusikkveka der orkesteret og koret m.a. framførte Messa di Gloria av Puccini.
- Torsdag vert delar av den lange Gloria-satsen vert teken opp att. Dette er julemusikk så godt som noko anna etter som første del av teksta er frå juleevangeliet slik det står i Lukas-evangeliet: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har hugnad i!»

Urframføring
Eit anna høgdepunkt vert urframføringa av musikkstudent Trond Hauge Knutsen sitt arrangement for messing og kor av den kjende engelske julesongen God Rest Ye, Merry Gentlemen. Den danske komponisten N.W. Gade sin Julesang vart urframført i ”moderne tid” første gongen før jul i fjor i Ørsta kyrkje. Det til då ukjende manuskriptet vart funne nokre år tidlegare og songen har sannsynlegvis berre vore framført denne eine gongen sidan han vart skrive til eit juleselskap i 1860. No får publikum høve til å høyre han igjen.

Det vil også vere litt ”historisk sus” over Glade jul på konserten etter som han skal framførast i originalversjonen med to solistar og gitar der publikum vert med på eit omkved. Teksta er også den originale ”Stille Nacht” i omsetjing av Olbjørn Øyehaug. Solistar her er to av musikkstudentane og dei skal også ha fem andre innslag, m.a. Sibelius sin vakre Julvisa, Carolas Himmlen i min famn og eit nytt arrangement av Kling no klokka. Ein av skulens lærarar, Ragnhild Engeset, skal, saman med skulekoret, avslutte konserten med Adams Julsång.

Dirigent for orkesteret og koret er Bård Dahle.

Del på