Kreativt foredrag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Bilen
Stig Hjerkin Haug med sin Fiat 500, som han brukar i si eiga kreative marknadsføring

I løpet av ein og ein halv time tok Haug deltakarane med på ein systematisk og morosam gjennomgang av kva kreativitet eigentleg er, og korleis ein kan arbeide for å bli meir kreativ. - Kreativitet er ein muskel og musklar treng trening.

Stig Hjerkin Haug er forfattar, forelesar og Noreg sin første idéartronaut. Han er ein av grunnleggjarane av reklamebyrået Stig og Stein AS.

Deltakarane på seminaret består både av kunstnarar som deltek på kunstnarverkstadene i Prøvekluten 2006 og eksterne deltakarar som har fått høve til å delta på Kreativt seminar.

Foredrag_stor
Prøveklutarrangørar Helge Hamsaas, Signe Valsø og Sissel Midtlid var godt nøgde med Stig Hjerkin Haug sitt opningsforedrag 

Lenker

Del på