Liten, eg? Barnehagekonferansen 2005 i Molde

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Skal ein få til likestilling og likeverd i samfunnet elles, må det jobbast medvite med dette alt frå barnehagen av. Det er dette Barnehagekonferansen skal bidra med i år seier ho.

Barnehagekonferansen har vorte ein årviss konferanse for pedagogar i barnehagane i Møre og Romsdal og Barnehageansvarlege på kommunenivå. Til konferansen i år kjem fleire med topp kompetanse innanfor arbeid med likestilling i barnehagen.

Påmeldinga til Barnehagekonferansen 2005, Liten, eg?, er i full gang og responsen ser ut til å bli god.

- Vi ønskjer velkomen til det vi meinar skal bli både eit fagleg løft og ei sosial og kulturell oppleving  i Molde 3. og 4. november, avsluttar  Ølnes og hastar tilbake til arbeidet med førebuingane.

Du kan lese meir om konferansen på www.hivolda.no/barnehagekonferansen

Melder du deg på og betalar innan 5. september får du 150 kr i rabatt.

Britt2
Britt Loven Ølnes

Del på