Meir enn doblar talet på masterstudium

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

db1283ff02995985faccc3b61769a339

Frå hausten 2017 vil grunnskulelærarutdanninga i landet bli eit femårig masterstudium. Høgskulen i Volda (HVO) planlegg samla sett å tilby åtte ulike masterstudium for utdanninga for 1.-7. årssteg og 5.-10. årssteg.

– Den grunnleggande ideen om å løfte grunnskulelærarutdanninga er god, og dette vil bli eit løft for Høgskulen i Volda også. Vi har seks masterstudium frå før, og da er det sjølvklart svært spennande når vi skal få på plass åtte nye på såpass kort tid, seier Arne Myklebust, dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

6 på 14 år – No 8 på 1 år

Samfunnsplanlegging var HVO sitt første masterstudium da det blei starta opp i 1999. Etter det har det kome til fem andre masterstudium, der det siste tilskotet var Undervisning og læring, spesialisering i spesialpedagogikk, matematikk eller norsk i 2013. No skal ein altså få utarbeidd planar og godkjend dei for åtte nye masterstudium i løpet av om lag eit år.

Slik vil dei nye masterstudia ved HVO fordele seg:

  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. årssteg: norsk, matematikk og spesialpedagogikk.
  • Grunnskulelærarutdanning 5.-10. årssteg: norsk, matematikk, spesialpedagogikk, engelsk og samfunnsfag.

– Det er eit stort planarbeid som er både ekrevande og utfordrande for oss ut ifrå dei tidsfristane vi har fått, seier Myklebust.

Omfattande søknad

7. juni fekk høgskulen vedtaket med forskrift om rammeplan for dei nye grunnskulelærarutdanningane. Dei nasjonale retningslinjene skal vedtakast 1. september av Nasjonalt råd for lærerutdanning (NRLU) og HVO skal innan 15. september levere ein styrebehandla og vedtatt søknad om dei åtte nye masterstudia til NOKUT.

4a90a18138e637e853c6d3d8052e2167

Det endelege vedtaket om ein får godkjent søknaden av NOKUT blir gjort kjend 31. januar.

– Akkrediteringssøknaden skal innehalde alt planverk for dei nye utdanningane. Vi skal også gjere grundig greie for kompetansen til alle tilsette som skal undervise. Formelle krav til professor/dosent-kompetanse og førstekompetanse må vi også gjere greie for, fortel Myklebust.

– KLar fordel

Eit av krava for å få dei nye grunnskulelærarutdanningane er at 40 prosent av dei som underviser har førstekompetanse og 10 prosent må vere professor eller dosent. Det trur Myklebust ein skal klare å oppfylle ved HVO.

– Det er ein klar fordel at ein har arbeidd systematisk med kompetanseheving ved HVO. Vi har gjort det over tid og har gode system for dei tilsette til å heve formalkompetansen sin.

For å kome i mål med søknaden til 15. september er det mange tilsette ved høgskulen som er i sving.

– Tidspresset som vi har blitt påført er beklageleg, men eg vil rette ein stor takk til alle fagtilsette som er involvert, seier Myklebust.

Del på