Mobil barnehageavdeling

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I bussprisen inngår mellom anna opplæringsprogram for pedagogar/barnehagepersonale og buss-sjåfør. Bussen kan inngå som ei ny avdeling i ein allereie eksisterande barnehage, og vert skreddarsydd etter den enkelte barnehage sine behov. Studentar og øvingslærarar fekk høve til å sjå bussen onsdag 13. mai. Høgskulen som lærarutdanningsinstitusjon vil gjerne vere med på å vise studentane kva ein barnehage i Noreg kan vere.


Dei første bussane vart selt til Noreg for to år sidan, og ein opplever at det er stor interesse for det mobile barnehagekonseptet då det alt er levert sju bussar og fleire er i bestilling. I Stryn har Tonning barnehage teke bussen i bruk.

Styrar Gunhild Bergset opplyser at ho er svært godt fornøgd med det pedagogiske konseptet.
– Barnehagebussen gjer det mogleg å reise frå fjell til fjære, alt etter årstidene, og så ofte ein måtte ønskje det,  seier ho. Ho håpar at fleire kommunar i nærområdet vil kjøpe inn bussen til sine barnehagar, slik at det kan dannast eit lokalt nettverk av brukarar, som kan utveksle erfaringar.

eeb21691bf700e927824568eb6d4bca844604b57
Styrar Gunhild Bergset og Inge Arne Bøe frå Vest Buss. 

Barnehagebussen var invitert til Høgskulen i Volda av leiar for Førskulelærarutdanninga, Torhild Høydalsvik. Høydalsvik fekk kjennskap til konseptet då HVO hadde praksisstudentar i Tonning barnehage i Stryn. Ho framhevar at studentane skal vere budde på den variasjonen som finst. Dei skal utvikle kompetanse i å vurdere organisasjonsutvikling og samfunnsendringar som har innverknad på barnehagen. Ei barnehageavdeling på hjul treng også å bli vurdert opp mot kriteria av kva ein god barnehage skal vere. Besøk av Barnehagebussen ga mange høve til slike analysar.

Bussen vart onsdag i førre veke også vist fram til representantar frå Volda kommune, som fekk informasjon om det pedagogiske opplegget. 

Del på