"Naturfag med mål og meining"

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

”Naturfag med mål og meining” er ei vidareutdanning for lærarar utvikla ved Institutt for realfag. Realfag er eit nasjonalt satsingsområde, og det er sett av sentrale midlar til vidareutdanning.
– Realfagssatsinga betyr at kommunane kan nytte øyremerka midlar til kompetanseheving av realfagslærarar. Bakgrunnen for tilbodet er eit ønske om etter- og vidareutdanning både lokalt og nasjonalt. I samband med den nye læreplanen (Kunnskapsløftet) har fokuset på realfag vore sterkt. Det vart først satsa på matematikk og no er det naturfag som står for tur. Det er på høg tid at lærarane får sjansen til å fordjupe seg meir i naturfag og at det blir lagt godt til rette for at dei faktisk kan bruke tid på det, seier Fooladi.

 

DSCF0682_300

 Erik Fooladi er høgskulelektor ved Institutt for realfag

 og fagansvarleg for vidareutdanningsprogrammet.

 

Skape eit miljø

Høgskulen har laga eit opplegg som kan tilpassast ulike målgrupper. Vidareutdanningsmodellen kan kombinerast både som etterutdanning med vanleg kursdeltaking eller som kompetansegjevande vidareutdanning. Etterutdanninga forpliktar ikkje til mellomarbeid, og er meint som oppfrisking og inspirasjon for dei som ønskjer faglege inputs. Vidareutdanninga er på 30 studiepoeng over fem semester, og har oppgåve og eksamen som i eit vanleg studieprogram (les meir her).

Undervisninga er organisert i fellessamlingar med tilbod om ulike fagbaserte verkstader der deltakarane kan velje mellom ulike tema. Kvar samling inneheld fire valbare verkstadar. Vidareutdanninga er delt i to: Ein fagdel (20 stp) og ein utviklingsdel (10 stp).

- Det er eit ønskje at dei som tek etter- og vidareutdanning ved same skule, skal vere til støtte for kvarandre. Den som tek vidareutdanning skal levere ei oppgåve knytt til naturfagleg utviklingsarbeidet på eigen skule, og då er det ein fordel å ha eit miljø rundt, seier Erik Fooladi.

Mikroskopering_-_NMM_i_Loen_525

Frå første samlinga: Eit par lærarar samarbeider om korleis mikrorskopere plante- og dyreceller. (Foto: Erik Fooladi)

 

Løft for regionen

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre (Sjustjerna) har til saman 140 lærarar som deltek og kommunane på Nordre Sunnmøre har 80-90 lærarar representert. Mellom 50 og 60 deltakarar har valt vidareutdanning med oppgåveskriving og eksamen.

- Kommunane har satsa seriøst på naturfag, og målet er at det skal vise att i møte med elevane. Til sjuande og sist er det jo dei dette handlar om. Eg håper og trur dette vil gje eit løft for naturfagundervisninga i regionen, seier Fooladi.

Dette opplegget har fått stor respons og ein ser at organiseringa og den praktiske vinklinga er attraktiv.

- Det viser seg ofte at naturfagundervisninga er meir teoretisk enn den treng å vere. Undersøkingar viser at lærarar med høg naturfagleg kompetane har ein større andel praktisk undervisning, og det har truleg ein samanheng med tryggleik og kunnskap til å undervise utanom læreboka, seier Fooladi.

Nettverksbygging

Vidareutdanninga er først og fremst retta mot lærarar i grunnskulen som har lite formell utdanning, medan etterutdanninga er godt eigna for dei med meir naturfagleg fordjuping og som ønskjer eit kurs for oppfrisking, inspirasjon og nye læremåtar. Evalueringa av Reform-97 synte at mange av lærarane som underviser naturfag i Noreg har lite eller ingen formell kompetanse, og i 2003 fall faget ut som obligatorisk fag i allmennlærarutdanninga.

- Dei fleste som deltek på ”Naturfag med mål og meining” har litt naturfag frå før, men for mange er det lenge sidan studietida. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå studentane, og vi arbeider med å få til ei større evaluering av opplegget. Den første eksamenen blir først no til nyttår, og det blir den første milepålen. Studentane på vidareutdanningsmodulen har i tillegg levert oppgåver og siste eksamen blir først kring nyttår 2009/10, fortel Erik Fooladi

Mellom samlingane vert studentane frå dei ulike skulane organisert i regionale studieringar. Kvar gruppe har ein fagleg rettleiar som skal gi hjelp og tilbakemelding. Ein har innført desse gruppesamlingane som obligatoriske, og målet er å hjelpe studentane til å bygge nettverk ved å møtast, gi tilbakemeldingar til kvarandre og snakke om naturfag. 

Diskusjon-_NMM_i_Loen_015

Her er deltakarane frå første samling i ivrig samtale med kvarandre. (Foto: Erik Fooladi)

Klikk på biletet under for å lese meir om etter- og vidareutdanningstilbodet.

NMM2525

Del på