Nynorsksenteret: Arbeidsseminar om «Å skrive for ulike føremål»
Den 27.–28. september møtest representantar frå fleire av samarbeidsskulane til Nynorsksenteret til arbeidsseminar i Volda. Tittelen for samlinga er «Å skrive for ulike føremål». Innleiarar er førsteamanuensis Marianne Ødegaard frå Naturfagsenteret og professor dr.art. Torlaug Løkensgard Hoel frå PLU ved NTNU.
Nynorsksenteret har mange samarbeidsskular som får støtte til gjennomføring av prosjekt i nynorskopplæring i grunnutdanning. Det er til ei kvar tid Utdanningsdirektoratet som legg retningslinjer for kva område Nynorsksenteret skal prioritere i Utdannings-Noreg.
På denne samlinga kjem kring førti representantar frå heile landet knytt tre ulike FoU-prosjekt: bokmålsskular som nyttar nynorske læringsressursar i andre fag enn norsk, nynorskskular som driv skrivetrening på tvers av fag og nynorske leseprosjekt i bokmålsskular. Målet er mellom anna å auke lese- og skrivekompetansen i skulen.
Marianne Ødegaard har innlegget «Forskerføtter og leserøtter», med undertittel Gjer det! Sei det! Les det! Skriv det! Ho jobbar til dagleg ved Naturfagsenteret og tek utgangspunkt i lesing og skriving av ulike fagtekstar.
Under tittelen «Tenkjeskriving og presentasjonsskriving» tek Torlaug Løkensgard Hoel frå NTNU i Trondheim for seg skriving som grunnlag for dokumentasjon og refleksjon i FoU-arbeidet.
Aktuelle lenkjer:
Oversikt over FoU-arbeidet ved Nynorsksenteret
Program for seminaret
Torlaug Løkensgard Hoel
Marianne Ødegaard