Nytt deltidsstudium hausten 2005:<br>Tysk i skulen 30 stp – vidareutdanning for lærarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- For Høgskulen i Volda vil vårt tilbod i 2. framandspråk vere tysk og vi vil frå hausten 2005 tilby studiet Tysk i skulen 30 stp, seier prosjektleiar Oddbjørn Nes ved Kontor for etter- og vidareutdanning, Høgskulen i Volda.

Studiet Tysk i skulen er først og fremst retta mot lærarar i grunnskulen som underviser eller ønskjer å undervise i tysk som andre framandspråk. Studiet skal auke den språklege og interkulturelle kompetansen til å undervise tysk etter dei nye læreplanane frå 2006.
Moderne litteratur og autentiske tekster om aktuelle samfunnsproblem som er relevant i skulen, vil danne det vesentlege grunnlaget for undervisninga.

Les meir

Del på