Nytt på Nytt-rettleiing av nyutdanna lærarar starta med 40 deltakarar

Torsdag 20. september var det oppstart for prosjektet "Nytt på Nytt- rettleiing av nyutdanna lærarar", som er del av ei overordna satsing frå Utdanningsdirektoratet. Opplegget er eit samarbeid mellom Høgskulen I Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda og Utdanningsavdelinga på Fylket, melder ansvarleg for studiet, Gerd Sylvi Steinnes ved Høgskulen i Volda.

Rundt 40  skuleleiarar/styrarar og nyutdanna førskulelærarar og allmennlærarar frå Møre og Romsdal var samla på Ørskog vidaregåande til oppstartssamling.

Ansvarlege for prosjektet er prosjektleiar Gerd Sylvi Steinnes og rettleiarane Siv M Gamlem og Hilde Kalvatsvik. Tema for første samling var knytt til å vere ny i yrket og til arbeid med læreplanar i skule og barnehage.

- Det var ei engasjert og positiv gruppe som var samla, og vi er svært nøgde med å ha fått med så mange nyutdanna i prosjektet, seier Steinnes.

Del på: