Nyttårskonsert med Høgskuleorkesteret

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Symf-ork_4

- Nyttårskonsertane har etter kvart vorte kjende for å vere lette og humørfylte, og slik vonar vi det blir også i år, seier Tone Vatne.
Det vert halde to konsertar, laurdag 14. og søndag 15. januar, begge dagane kl 18.00.

Orkesteret vert ikkje einaste aktør på scena desse to kveldane. Dansarar frå Ørsta og Volda Ballettskule skal vere med å danse under dei lette og lystige orkesterstykka ”Rumble in the city” av Stephen Bulla og ”Violas front and center” av Larry Moore.
Ballettskulen stiller også med matsal i pausen.


Studentar og tilsette tek del
- Våre eigne, dyktige songarar frå musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda vil også ta del med nye arrangement av kjende, gamle ”svisker” – alle arrangert på nytt av dirigent Helge Hamsaas, fortel Tone.

- På ein av songane nyttar orkesteret jamvel ein av sine eigne musikarar til solistoppdrag.
Det såkalla ”Damekoret” vil også delta på konserten.

"What’s up doc?"
- Av orkesteret sine nummer vil nok mange kjenne att ”Florentiner Marsch” av J.Fucik. Musikk frå teiknefilmane om Bugs Bunny, ”What’s up at the symphony?”, vil også vere lett gjenkjenneleg, både for det yngre og det litt eldre publikummet.

- Vi vonar at flest mogleg tek seg tid til denne tradisjonsrike musikalske opplevinga frå symfoniorkesteret desse kveldane, avsluttar Tone.

Del på