Oppfølgingsseminar NOKUT-evalueringa av allmennlærarutdanninga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Rapporten frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) vart lagt fram i haust.Ein midtvegsrapport var lagt fram seinhaustes 2004. Alle kan meina noko om skuleverket og kva som er gale og bør gjerast annleis.Slike rapportar vil difor gjerne få stor plass i det offentlege rom og kalla på politikarane til å føreslå raske tiltak for å møta dei forholda som ein slik rapport avdekkar. I NOKUT-evalueringsrapporten er det lagt vekt på gi funna ei form som kan vera konstruktivt i for lærarutdanningsinstitusjonane.

Lærarutdanningane står i eit spenningsfelt mellom profesjonskvalitet og akademisk kvalitet, mellom faginteresse, pedagogikk og praksis. NOKUT-rapporten oppsummerer at allmennlærerutdanninga må arbeide med læringskulturen (låg gjennomstrøyming, låg motivasjon, studentane brukar for lite tid på studia) og allmennlærerutdanninga har store utfordringer både når det gjelder profesjonskvalitet og akademisk kvalitet.

Det er ikkje klare, enkle oppskrifter på korleis dette skal løysast i praksis. Ramberg vil mellom anna gå inn på partnerskapsmodellen som vert prøvt ut ved lærarutdanninga ved NTNU.

Til møtet er det invitert lærarutdannarar, studentar og øvingslærarar i årsstegsgrupper, rektorane i praksisskulane, representantar frå Utdanningsforbundet.

Ved allmenlærarutdanninga er det arbeidd med forholda rapporten tar opp sidan midtvegsrapporten kom for vel eit år sidan. 

- Når vi no opnar for denne fagdagen, er det for å få fram eit breidt spekter av vinklingar av korleis vi kan gjera allmenlærarutdanninga betre, seier Kjartan Bjorøy, Utdanningsforbundet sin representant ved Høgskulen.

 

 

 

NOKUT sin hovedrapport og institusjonsrapport

Utdanningsforbundet si side om lærarutdanning

Policydokument om lærartudanninga

Del på