Prøvekluten byd på to dagar med kreativ kveik i juni

Er nokon av oss fødde med eit kreativt gen? Neppe! Kvifor tenkjer då tilsynelatande nokon fleire og betre kreative tankar enn andre, og kva har eit foreldrepar med firlingar til felles med Kristoffer Schau, Hege Duckert og Ingvar Ambjørnsen?

Det er svaret på dette og meir til Stig Hjerkin Haug kjem til å snakke om i foredraget ”Jakten på det kreative mennesket” i Volda 15.juni under Kreativt seminar på Prøvekluten 2006.

Arne Martin Samuelsen er 1.amanuensis ved Høyskolen i Telemark, Notodden, med doktorgrad i kunstformidling for born. Foredraget han skal halde 16. juni, ”Formidling av kunst til barn og unge”, byggjer på data frå feltundersøkingar der Samulelsen har sett på korleis ei rekkje nordiske museum løyser formidlarrolla.

I tillegg til gode foredragshaldarar vil seminaret innehalde kulturelle innslag, smakebitar frå Prøvekluten 2006 og verkstader der deltakarane får bruke sin eigen kreativitet i praksis.

Fullstendig program og påmeldingsskjema finn du på: www.hivolda.no/provekluten

stig1
Stig Hjerkin Haug

SamuelsenArneMarius
Arne Martin Samuelsen


proveklut06_web

Del på: